Hopp til innhold

Nei til nettoløn for fiskarar

Regjeringa er ikkje innstilt på å gje fiskeflåten same gunstige lønsordninga som offshoreflåten. Det opplyste næringsminister Odd Eriksen i Stortinget denne veka.

Næringsminister Odd Eriksen
Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / Scanpix

Fiskarlaget her i fylket kravde for kort tid sidan at fiskeflåten må få såkalla nettolønsordning frå 1. juli. Næringsminister Odd Eriksen avviser heile samanlikninga med offshoreflåten.

- Verna næringsgrunnlag

- Den norske fiskeflåten har tilgang til å fiske på norske, nasjonale fiskeressursar, og har såleis eit verna næringsgrunnlag. Skipsflåten opererer på ein open, global marknad med stor internasjonal konkurranse. Rammevilkår og støtte til fiskeflåten må difor vurderast på eit anna grunnlag enn rammevilkår og støtte til dei øvrige næringane.

- Dramatisk situasjon

Det var stortingsrepresentant Gunn Berit Gjerde frå Møre og Romsdal som tok opp forskjellsbehandlinga av fiskeflåten og offshoreflåten i eit spørsmål til fiskeriministeren. Ho måtte godta at næringsministeren svara sidan fiskeriministreren ikkje kunne møte. Og Gjerde sa at situasjonen er dramatisk for fiskeflåten som no må på den utanlandske marknaden for å finne mannskap.

- For det første får vi ikkje den tryggleiken fiskeflåten er avhengig av for å gjere eit godt fiske og eit trygt fiske for mannskapa. For det andre kjem det ikkje til å bu folk i husa langs kysten vår. Fiskeri er ved sidan av landbruk det viktigaste grunnlaget for å halde oppe busetnaden i distrikta. Er det konkrete planar som gjer at vi kan få ei utjamning slik at dei fiskebåtreiarane som no står utan mannskap kan få mannskap? spurde ho næringsministeren.

- Ikkje overdramatiser!

- Det er viktig å ikkje overdramatisere situasjonen innan fiskerinæringa. Det er ikkje slik at fiskeflåten ligg ved kai fordi det ikkje er mannskap på båtane. Regjeringa har sagt at dette er ei næring det skal satsast på. Regjeringa vil til hausten legge fram ei stortingsmelding der vi tek for oss arbeid, velferd og inkludering, nettopp med sikte på å auke tilgangen på arbeidskraft, sa næringsminister Odd Eriksen på vegner av fiskeriministeren.

Usikker på vegen vidare

Nils Myklebust, som er leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag, understrekar at kravet frå fiskarane kort og godt er likebehandling, men han ser at det ikkje er politisk vilje til å imøtekome det.

- Det svaret Eriksen gav viser at dei korkje har evne eller vilje til å forstå problemet.

Myklebust er no usikker på kva som no blir vegen vidare i kampen for det han meiner er større rettferd, og for at fiskeflåten kan konkurrere om sjøfolka og samstunders ha lønsemd som kan gje fornying av fiskeflåten.