Hopp til innhold

Nei til krigsleik på krigsminne

Det har vekt sterke reaksjonar at ein grunneigar i Fjaler vil bruke eit krigsminne som arena for krigsleiken paintball.

Paintball (ILLUSTRASJONSFOTO)
Foto: Alf Ove Hansen / Scanpix

Grunneigar Frode Haugen ved ønskjer å opne for innandørs paintballkampar inne i ein tunnel på det gamle kystfortet på Lammetun i Fjaler. Haugen har sendt ein førespurnad til Fjaler kommune om han kan bruke fortet til denne aktiviteten.

- Eg synest det er respektlaust å drive med slik aktivitetar i krigsminne som dei på Lammetun. Paintball er ein type krigsleik, seier Bjørn Jensen til avisa Firda . Han jobbar med historiske minne i Selje kommune.

Jensen tykkjer forslaget er upassande, og viser til at dei ukrainske krigsfangane som bygde fortet under siste verdskrigen lei store tap.

Sjølv vil ikkje Haugen kommentere saka overfor avisa.

Paintball er ein populær spor der deltakarane skyt på kvarandre med måling- eller pulverkuler.