Det var Herstad sjølv som starta arbeidet med å slå saman dei fire sunnfjord-kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Frå før av var det venta at naustedølene kom til å vere dei mest positive. Men heile 58,1 prosent av veljarane sa nei. 38,4 prosent sa ja og 8,6 prosent av røystene var blanke. Ei meiningsmåling for kort tid sidan viste det var klart fleirtal mot samanslåing i Gaular og Jølster, medan det vippa mot ja i Naustdal.
Ordførar i Jølster, Gerd Dvergsdal, som heile tida har vore mot samanslåinga, seier resultatet i Naustdal er svært overraskande.
Ja i Førde
I Førde sa 50,2 prosent av dei som avla røyst ja til kommunesamanslåinga. 44 prosent sa nei, og 5,8 prosent avla blank røyst. Ordførar Wilhelm Sandal seier at han er skuffa over resultatet i Naustdal, og meiner at tanken om ei samanslåing er død i denne omgang.
Det har heile tida vore ein føresetnad at alle fire kommunar måtte seie ja for at det skulle bli ei samanslåing.
Klart nei i Jølster
I Jølster sa heile 981 av innbyggjarane nei, medan 407 sa ja til samanslåinga. 23 av røystene var blanke. Ja-mannen Atle Hamar frå Venstre seier at resultatet ikkje var overraskande. Like lite overraska over reaksjonen til innbyggjarane sine er ordførar Gerd Dvergsdal.
Klart nei i Gaular
Også i Gaular vart det klart nei til kommunesamanslåinga. 843 eller 68,2 prosent sa nei, 374 eller 30,3 prosent sa ja, medan nokre få røysta blankt. Då var 60 røyster ikkje talte opp. Dermed fekk ordførar Per Kjelstad det som han ville.