Hopp til innhold

Nei til jeger-løn

Bøndene i Jostedalen får ikkje pengar for å jakte på bjørn. Luster kommune har nyleg fått avslag på ein søknad til Direktoratet for naturforvaltning, om midlar til beredskap ved akutt rovdyrfare.

Pengane skulle mellom anna gå til å kjøpe jegerane fri frå arbeid, seier jordbruksjef i Luster, Steinulf Skjerdal.

 

 

Olav Horpedal på bjørnejakt
Foto: MMS-foto:Arne Eithun / NRK

- Vel mykje ulempe

Skjerdal er skuffa over at dei ikkje fekk pengane, som mellom anna skulle gå til å løne jegerar som må ta seg fri frå jobb for å vere med på bjørnejakt.

- Det blir vel mykje dugnadsarbeid og vel mykje ulempe som fell på husdyreigarane. Når dei brukar så mykje tid på dette, bør dei få ei godtgjering. et vi tenkte varr at vi burde løna ut dei som gjer ein innsats, og det meiner vi storsamfunnet burde betale.

- Stortinget har sagt nei

Men seksjonsjef Terje Bø i Direktoratet for naturforvaltning seier at det for dei var ein grei jobb å avslå søknaden. 

- Diskusjonen om å løne lokale jegerar vart teken opp i Stortinget både i 1996-1997 og i 2003-2004, og Stortinget har ikkje gått inn for å løne lokale jegerar.

- Må berre søke på nytt

Leiaren i Jostedalen sankelag, Arne Bjørk, meiner at dei burde få kompensasjon. Han meinar at politikarane ikkje har innsett nytten av at jegerane får ta seg fri frå arbeid for å jakte. Men han seier at det ikkje er nokon grunn til å gje opp sjølv om ein har fått avslag, av erfaring veit han at det nyttar å stå på.

- Dei må berre søke på nytt, ein må aldri ta eit nei for eit nei.