Hopp til innhold

Nei til hurtigrutetunnel

Fiskeriminister Helga Pedersen stiller seg negativ til ein Stad skipstunnel som er stor nok for hurtigruta.

Helga Pedersen
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Pedersen viser til at dette vil kreve nye, omfattande analyser som vil forseinke prosjektet.

Det er stortingsrepresentant Petter Løvik frå Høgre som har bede departementet om å få vurdert eit alternativ der moderne hurtigruteskip kan sigle gjennom.

Kalkyle frå Ragnar Hagen

Dagens tunnelplanar gjeld båtar inntil 5000 tonn, og som er maks 18 meter breie og har maks 20 meters høgde over sjøen. Løvik viser til ein kalkyle som ingeniør Ragnar Hagen i Måløy har laga, og som viser at meirkostnaden berre blir kring 80 millionar.

Statsråden skeptisk

Statsråden svarar at utviding vil krevje nye utgreiingar, og det vil ta tid. I tillegg stiller ho seg skeptisk til kostnadene. Kystdirektoratet meiner ein tunnel som gjev plass til hurtigruta vil auke kostandene med nær 400 millionar, lausleg kalkulert. Dagens planlagde tunnel kostar kring milliarden.

Statsråden vil legge saka om tunnel fram for Stortinget til hausten, og der vil ho og føreslå ulike måtar å finansiere tunnelen på.