Nei til Hemsedalsfjellet

Fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet er overraska over det som truleg blir Hordaland-politikarane sitt høyringssvar i saka om traseval aust-vest.

I morgon skal dei ha møte om saka. Atle Kvåle, samferdslepolitisk talsmann i Arbeidarpartiet i Hordaland, seier til Bergens Tidende at dei vil vrake Hardangervidda og heller gå for E16 over Filefjell. Fylkesordførar Jenny Følling seier ho hadde håpa på eit sterkare signal om støtte til Hemsedalsfjellet.