Hopp til innhold

Nei til gondolbane på breen

Miljøverndepartementet seier nei til dei omstridde planane om å opprette ei gondolbane frå Briksdalen i Stryn til Jostedalensbreen.

Briksdalsbreen
Foto: Merete Husmo Høidal

Ordførar Nils P. Støyva i Stryn er skuffa og overraska over departementet sitt syn i saka.

- Eg hadde håpa at vi skulle få til dette med litt justeringar av grensene til nasjonalparken. Men vi har ikkje gitt opp. No må vi drøfte med departementet kva som er mogeleg å få til.

- Einaste rette svar

Erik Solheim i Naturvernforbundet er på si side svært glad for at departementet har vendt tommelen ned for gondolbana.

- Det departementet har svart, er etter mitt syn det einaste svaret dei kunne gje. Det er blant anna slike tiltak vi opprettar nasjonalparkar for å hindre at skal øydeleggje den mest verdifulle naturen vi har. Hadde dei sagt ja her, hadde vi fått ein straum av liknande søknader. 

Skal sikre turiststraumen

Briksdalsbreen har i løpet av få år trekt seg fleire hundre meter attende, og er for første gong ikkje mogeleg å nå av turistar. 280.000 vitja i fjor turistmagneten i indre Nordfjord, men med breen utilgjengeleg vil besøkstalet truleg gå kraftig ned. Det er for å møte denne utfordringa ulike representantar frå turistnæringa har jobba med å få etablert ei gondolbane.

Den tre kilometer lange bana skulle frakte turistane opp til heile 1700 meters høgde. Det har vore operert med ein prislapp på om lag 200 millionar kroner. Men den store utfordringa har heile tida vore at bana ville kome godt innanfor grensa for Jostedalsbreen Nasjonalpark.