Hopp til innhold

Nordfjordrådet avviser Volda som lokalsjukehus for nordfjordingar

Nordfjordrådet hadde måndag møte om samarbeidet mellom Volda og Nordfjordeid sjukehus, der dei førebels avviste ei utvikling av "Helse Volda og Nordfjord HF".

Nordfjord Sjukehus

VERT SAKTE MEN SIKKERT AVVIKLA: Nordfjord sjukehus har mista fleire viktige avdelingar den siste tida.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fleirtalet i Nordfjordrådet seier nei til at sjukehusa i Volda og på Nordfjordeid blir slått saman til eitt lokalsjukehus. Det kom fram på eit møte i Nordfjordrådet i går, og er stikk i strid med tilrådinga frå helsefaggruppa i Nordfjord.

– Dette var berre eit orienteringsmøte der vi ikkje skulle fatte noko vedtak. Men det var usemje mellom ordførarane i Nordfjord på møtet, fortel ordførar i Hornindal og leiar for Nordfjordrådet, Anne-Britt Øen Nygård.

Fleirtalet i Nordfjordrådet vil heller vente på eit anna forslag om eit nasjonalt prosjekt «Framtidas lokalsjukehus», men som Helserådet meiner ikkje kjem til å redde situasjonen.

Senterpartiordførar i Hornindal Anne-Britt Øen Nygård.

ER SKUFFA: Øen Nygård ønskjer eit endå tettare samarbeid mellom dei to sjukehusa.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Heilt naturleg å velje Volda

Anne-Britt Øen Nygård er ei av dei som har gjeve klart signal om at dei bør gå inn for ei utvikling av «Helse Volda og Nordfjord HF». Ho meiner også at dersom dei har tenkt å bruke Volda, så må dei gi signal om det.

– Hovudpoenget til dei andre i Nordfjordrådet er at dei støttar opp om Nordfjordeid sjukehus, dei vil i allefall vente og sjå kva som kjem på Eid.

Hornindal kommune vil bruke Volda som lokalsjukehus, ifølgje Øen Nygård.

– Når Kvivsvegen opnar vil det ta kring 25 minutt til Volda, og 2,5 time til Førde. Så det valet er heilt naturleg, ein må tenke på kva som er det beste for pasientane, fortel Øen Nygård.

Bengt Arne Georen

FEIGT OG KORTSIKTIG: Georén meiner avgjerda til Nordfjordrådet er feig og kortsiktig.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Feigt og kortsiktig

Bengt Georén sit i helsefaggruppa i Nordfjord, og er ein av dei som har oppmoda Nordfjordrådet til å gå for forslaget om «Helse Volda og Nordfjord HF». Han er også svært skuffa over at Nordfjordrådet går i mot oppmodingane.

– Helse Førde kjem til å vekkprioritere Nordfjord sjukehus heilt og haldent, så eg meiner dette er svært kortsiktig tenking av Nordfjordrådet, og også litt feigt, seier Georén.