Stigen ligg 300 meter rett over Aurlandsfjorden. Dee Cunningham seier at han kom med eit saftig krav då han vart kontakta av TV2. Det trudde han skulle skremme selskapet vekk. Men dei har tydeleg nok eit anna forhold enn meg til millionar, seier mannen som kjøpte naturperla i 1990.
- Eg kan ikkje selje denne freden og roen for pengar, seier han Cunningham.
Fleire alternativ i fylket
Jørund Rasdal Unneland i TV2 vil ikkje kommentere tala. Han seier at dei uansett ikkje var kome fram til konkrete forhandlingar, men han legg ikkje skjul på at stigen hadde vore ideel for ein ny farmeninnspeling.
Innan ei veke kjem dei til å plukke ut kor innspelingane skal vere. Fleire av alternativa ligg i Sogn og Fjordane.