NRK Meny
Normal

Nei til eige folkemusikkhus

Folkemusikkfestivalen i Førde er svært kritisk til å bruke fem millionar i året på eit eige hus for folkemusikk og folkedans i Oslo.

Vokalist Unni Løvlid og fire kinesere holdt konsert hos Riksantikvaren
Foto: Erlend Aas / Scanpix

- Det er betre satse på ein lettare organisasjonsmodell og bruke pengar på produksjons- og formidlingsverksemd, seier Bjørkum.

Ønskjer riksscene

Også Bjørkum vil gjerne ha ei riksscene i Oslo som kan vere eit utstillingsvindu og ein produksjonsstad. Men i framlegget som no er ute til høyring, blir det foreslått å leige lokale i Schouskvartalet, noko som vil koste fem millionar kroner i året i husleige. Å binde opp så mykje midlar i husleige meiner Bjørkum er ei feilsatsing

 - Å etablere ei fast scene i Oslo er heilt topp. Men ein bør sjå litt på modellen som Norsk Jazzforum har vald. Dei har gått inn eit samarbeid med Cosmopolite i Oslo der dei no har si riksscene. Og det er ein mykje billigare modell. 

- Gamaldags tenking

Bjørkum er også skeptisk til å bygge opp ein stor administrasjon som skal ha oversikt over det som skjer av folkemusikk over heile landet.

- Det er ein gamaldags tankegang med ein stor administrasjon kring ei riksscene i Oslo som skal sitte og bestemme for heile landet. Det er ikkje slik det føregår lenger. No er det høgkompetent miljø utover heile landet, seier Bjørkum.

 

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå