Hopp til innhold

Nei til differensiert porto

Åtte ordførarar i Sogn og Fjordane har skrive under på eit krav om å stogge EU sitt post-direktiv.

Posten Norge
Foto: Nejad, Arash / SCANPIX

Ordførarane er redde for at EU-pålegget vil gi eit dårlegare og dyrare post-tilbod i distrikta utan felles portosatsar for heile landet.

Bente Frøyen Steindal

Bente Frøyen Steindal

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Bente Frøyen Steindal i Flora er ein av ordførarane som krev at regjeringa nyttar vetoretten mot direktivet.

– Vi vil ikkje ha det slik at det blir dyrare for oss enn andre stader i landet å sende post. Vi vil ha det slik det er no.

Prisforskjellar på by og land

EU sitt krav om at Norge må gå bort frå ein felles post-porto for heile landet, fører no til sterk uro i distrikta.

Innan 2012 skal alle posttenester i EU og EØS konkurranseutsetjast, viss ein skal følgje EU sitt nye postdirektiv. Med konkurranse på posttenestene, fryktar tillitsvalde i Posten at nye aktørar berre vil konsentrere seg om dei store byane , kor ein kan tene pengar. Dermed sit Posten igjen med distrikta. Det kan føre til store prisforskjellar.

Vil nytte vetoretten

151kommunar ber Stortinget nytte vetoretten sin mot dette direktivet frå EU-landa. Senterpartiet og SV støttar dette kravet, og arbeidarpartiordføraren i Flora er ein av åtte ordførarar her i fylket som meiner at dagens portosystem er beste løysinga.

– Det skal vere likskap for alle, seier Frøyen Steindal.

Må undersøke konsekvensar

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet vil innhente kunnskap om direktivet først.

Ingrid Heggø.

Ingrid Heggø.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Vi må finne ut av konsekvensane før vi kan konkludere i etterkant. Arbeidarpartiet er opptekne av å sikre gode posttenester og lik pris over heile landet. Og det ligg i botnen.

– Konsekvensen av å bruke vetoretten må jo også vurderast før vi kan bruke han, seier Heggø.

Viss Norge kjem til å leggje ned veto, blir det i så fall for første gong .