Så trass i støtte frå Framstegspartiet, måtte Høgre sjå kampen for butikksal av øl som tapt nok ein gong. Medan venstre-sida kunne innkassere ein siger.
Trass i at kommunen er del av ein etter kvart liten minoritet her i landet, som ein av i alt 18 kommunar med ølpol, måtte Høgre-representantane i Førde bystyre innsjå at majoriteten blant dei folkevalde vil halde fast på den restriktive linja - også for komande fire åra.
I alt åtte matvarebutikkar i Førde hadde søkt om å få selje øl. Men dei måtte sjå at slaget var tapt, trass i argumentasjonen om at det er ei lovleg vare dei vil ha inn i hyllene.
Påstandane om at fleirtalet i Førde bystyre held fast på ølpolet på grunn av ekstrainntektene det gjev kommunen, vart heftig protestert på av mellom anna Sveinung Nordtveit frå Arbeidarpartiet.