Hopp til innhold

Negative barnevernssaker skremmer studentane

SOGNDAL (NRK): – Eg har både opplevd og høyrt om så mange av dei gode historiene. Då er det trist om media berre fokuserer på dei dårlege, seier sosionomstudent Ragna Finden Skaim.

Sosionomstudentar 16

SOSIONOMSTUDENTAR: Thea Scöndorf, Grete Tetli og Ragna Finden Skaim ynskjer alle å jobbe i barnevernet når dei er ferdigutdanna. Dei meiner media er viktige å ha for å passe på at ting går som det skal i barnevernet, men at dei kan bli flinkare til å også få fram historiene som endar godt.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Ei gruppe sosionomstudentar drikk kaffi i kantina mellom førelesninger. Dei har første dag i sitt siste semester på studiet.

Om eit halvt år skal dei ut i arbeidslivet. Dei tre klassevenninnene Thea Schöndorf, Grete Tetli og Ragna Finden Skaim ynskjer seg alle til barnevernet.

Dei tykkjer at det dei har opplevd og lært gjennom studiet sitt ikkje stemmer overeins med det inntrykket media gir.

– Eg har opplevd så utruleg mange, og høyrt om utruleg mange, av dei gode historiene. Då er det veldig trist at media berre fokuserer på alt det dårlege, seier Ragna Finden Skaim.

Ynskjer meir tid til mediehandtering i studiet

Tone Jørgensen er førelesar for sosionom- og barnevernsstudentar ved Høgskulen på Vestlandet.

Ho opplever at studentar blir skremde av å lese mange negative saker om barnevernet i media.

– Vi merkar det spesielt på at det å jobbe i ei barnevernsteneste blir sett på som ein meir skummel og vanskeleg arbeidsplass av elevane. Så vi er veldig opptekne av å snu bildet media gir, seier ho.

Det tek tre år å utdanne seg til barnevernspedagog eller sosionom. Tone Jørgensen ynskjer det var meir tid til å lære studentane korleis å handtere media i denne tida, slik at dei kan bli flinkare til å fortelje media om dei vanskelege sakene dei jobbar med.

– Det er nokre veldig vanskelege dilemma dei står i. Dei dilemmaene og kompleksiteten i dei trur eg ikkje alle journalistar har nok kunnskap om. Og så er ikkje barnevernet flinke nok til å kommunisere ut heller, meiner ho.

Tone Jørgensen

FØRSTEAMANUENSIS: Tone Jørgensen føreles for barnevern- og sosionomstudentar i Sogndal ved Høgskulen på Vestlandet. Ho ynskjer seg meir tid i studiet til å lære studentane korleis dei skal ta omsyn til media.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Ynskjer solskinshistoriene fram

Pressa sine etiske retningslinjer seier mellom anna at media skal beskytte enkeltmenneske mot overgrep frå myndigheiter og institusjonar.

Media skriv ofte om dei triste sakene der ting har gått gale og barnevernet ikkje har gjort jobben sin.

– Det er veldig trist å lese sakene der ting har gått gale. Samstundes er vi menneske alle saman, både i media, barnevernet eller studentar, og alle kan gjere feil. Ofte veit vi ikkje alt som har skjedd, seier Ragna Finden Skaim.

Forelesning sosionom 16

STUDENTAR: Dei lærer ikkje så mykje om tilhøvet mellom media og barnevern på studiet, fortel både førelesar Tone Jørgensen og student Grete Tetli. Men saker som kjem i media blir tekne opp som eksempel i førelesning, fortel dei.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Studievenninnene er samde om at det er eit utfordrande fagfelt dei skal jobbe med, der tausheitsplikt og omsyn til barna ofte kan gjere det vanskeleg for media å få med seg alle sider.

– Det er jo eit lett lettenneleg område når det gjeld menneske sine liv. Barna våre er jo det vi bryr oss alle mest om, seier Thea Scöndorf.

Dei meiner pressa kan vere flinkare til å få fram hsitoriane der det går bra.

– Som proffane til dømes. Det er barn som har opplevd å vere i kontakt med barnevernet som reiser rundt og fortel om sine opplevingar, fortel Grete Tetli.

Les meir: