Hopp til innhold

Nedtur i oljesektoren gir opptur når ferjeselskapa skal rekruttere

Medan ferjeselskapa for få år sidan sleit for å få søkjarar til ledige jobbar, står kvalifiserte folk no i kø for å søkje på utlyste stillingar.

Dagfinn Neteland

KJEKT: Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, er glad for at rekrutteringa til ferjesektoren no går lettare.

Foto: Hilde Anita Røyrvik / Fjord1

Fjord1 kan ha 20 søkjarar på ei stilling som det for to år sidan var ingen søkjarar til.

Det er problema i oljesektoren som gjer det lettare å rekruttere kvalifiserte seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

– Når vi har ledige stillingar ute, er det masse gode søkjarar. Det er spesielt gledeleg å sjå at vi heller ikkje har problem med å få tak i gode, kvalifiserte folk på maskinsida, seier Neteland.

Merkar også betring på maskinist-sida

Ser ein nokre år tilbake sleit alle dei store ferjeselskapa med å få tak i kvalifisert personell i nøkkelstillingar.

Spesielt til maskinist-stillingane var det vanskeleg å rekruttere folk. No er situasjonen heilt annleis, fortel Inge Andre Utåker, regionsjef for ferjedrift i Norled.

– Vi opplever det same. Det er betra rekruttering og fleire som søkjer på ledige stillingar, seier Utåker.

Han trur det er fleire årsaker til dette.

Inge Utåker, Norled

FLEIRE SØKJARAR: Regionsjef for ferjedrift i Norled, Inge Andre Utåker seier det er mange ledige hender når supply-flåten delvis går i opplag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er nok at det er mindre etterspurnad i oljesektoren, spesielt innan supply. Vi får mange som har vore der. Når supply-flåten delvis går i opplag, vert det fleire ledige hender, seier Utåker.

Kan ha 20 søkjarar på éi stilling

Der ein før kunne oppleve at ingen søkte på stillingane som vart utlyste, kan det no vere mange søkjarar.

– Det varierer veldig frå stilling til stilling. Men vi snakkar fort om mellom 15 til 20 søkjarar, seier Neteland.

Det er ein heilt annan kvardag enn for eit par år tilbake.

– På den verste tida hadde vi ikkje søkjarar i det heile til einskilde stillingar. Så det har endra seg mykje. No er det lettare å få tak i kvalifiserte personar til alle stillingar, seier Neteland.