NRK Meny
Normal

Nedslåande storkontroll i Lærdal

Statens vegvesen fann feil på 59 av 500 kontrollerte køyretøy. 11 vart avskilta. – Vi hadde også hjelp frå politi og tollstell, og avdekka utanlandske varebilar med smuglarvare.

Håbakken kontrollstasjon

ALLSIDIG: Statens vegvesen kom over bilar med både tekniske manglar og ulovlege varer under helgas storkontroll på Håbakken i Lærdal.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Nedslåande, men kanskje ikkje så overraskande, seier overingeniør Dag Rykkje etter helgas storkontroll på E16 ved Håbakken i Lærdal.

Ni personbilar vart avskilta for manglande EU-kontroll. 13 køyretøy fekk bruksforbod på grunn av overvekt og to for alvorlege bremsefeil.

Ytterlegare to bilførarar blir melde for å ikkje ha stogga for kontroll. Åtte blir melde for manglande førarrett til køyretøyet dei køyrde.

Dag Rykkje

IKKJE NØGD: Overingeniør Dag Rykkje varslar fleire helgekontrollar etter storaksjonen i helga.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

– Vi er klare over at det er ulike ting som går etter vegane om helgane, som ikkje burde gått, seier Rykkje.

– Den grovaste mangelen var ein som hadde så stor luftlekkasje i bremsene, at det var fare for at han kunne mista bremsa under kraftig oppbremsing, legg overingeniøren til.

Sistnemnde var ein utanlandsk statsborgar i eit norskregistrert vogntog. Han mangla også gyldig førarkort.

– Eg trur ikkje at han forstod faren i dette, seier Rykkje.

To av vogntoga som fekk bruksforbod var spesialtransportar. Desse er det forbod mot i helgane.

– Dei har inga god forklaring, men er gjerne vande med at det ikkje plar vere kontroll og at det går bra, seier han.

Om ikkje det var nok med tekniske manglar på bilane, overtok Tollvesenet kontrollen av ein utanlandsk bil. Denne inneheldt varer som ikkje var fortolla.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast