NRK Meny
Normal

Nedslåande for kystmåsen

Ingen måseegg i Flora – for første gong.

Måsereir på Arna stasjon
Foto: Alrik Velsvik / NRK

Fylkesmannen og Statens naturoppsyn gjennomførte teljingar av hekkande fugl i perioden 12.-16. juni i 48 sjøfuglreservat i Sogn og Fjordane, og resultata er nedslåande.

Mellom anna har talet på dei to mest talrike sjøfuglane i fylket, gråmåse og svartbak, minka sidan i fjor. På grasbakkane på Nord-Hovden i Flora vart det i år, for første gong, ikkje registrert nokon måseegg.

Lågare enn på mange år

Det har ikkje vore registrert like låge tal på vaksne fuglar i hekkekoloniane sidan samanbrotet i sjøfuglbestandane rundt Nordsjøen i 2004, då det vart registrert overfiske på yngel og vakse fisk.

Bestandane av kystfugl bygde seg opp etter at tobisfisket bleir strengt regulert etter dette året, men det vart igjen opna fullt for tobisfiske i 2007/2008. Og i år har sjøfuglbestandane nye problem.

Difor har havforskarar gått ut med ei oppfordring om å stoppe tobisfisket att, noko som blei gjort 2. juni i år.

Ein håpar dermed at kystfuglbestanden vil ta seg opp att.

Seismikkskyting

I tillegg til den samanhengen ein finn mellom overfiske og nedgang i tal sjøfugl, finn ein óg andre grunnar til den dårlege situasjonen for kystmåsen.

Det har i vår blitt utført seismikkskyting på sørkysten av Sogn og Fjordane, og havforskarar har tidlegare vist at fisk forlet område med seismikkskyting.