Arkivfoto NRK
I fjor kutta kommunen over 14 årsverk, og no vedgår rådmann Martin Lyngstad at arbeidsmengda har blitt større. - Folk får ikkje det gode tilbodet dei fekk før, seier han.
Kutta 14 årsverk
Gloppen kommune har gjennomført dramatiske kutt i helse- og omsorgssektoren. For å få pengane til å strekke til, skar dei ned heile 14 årsverk i fjor og kunne spare inn mellom fem og seks millionar kroner. Men dette har gått hardt ut over både dei tilsette, brukarane og dei pårørande.
Nedskjeringane fører til sjukmeldingar
I eit notat til helse- og sosialsjefen skriv pleie- og omsorgsleiaren blant anna at misnøye på arbeidsplassane skaper mistrivsel som sler seg ut i kroppslege symptom som igjen fører til kortare eller lengre sjukmelding. Kutta har ført til mykje ekstraarbeid, men altså med redusert bemanning. Mange fekk problem med rygg og skuldrar på grunn av nye arbeidsoppgåver. Berre på ei avdeling viser statistikken at sjukefråveret vart dobla, frå 5,6 til 11,2 prosent. Rådmann Martin Lyngstad tek ikkje dette så tungt. - Det er ikkje sikkert dette er arbeidsrelaterte sjukdommar, seier han.
Ikkje tid til trening
På rehabiliteringsavdelinga er dei spesielt frustrerte over at pasientar blir liggande og vente på langtidsplass i etasjen over. Personalet får ikkje følgt opp målsetjinga om rehabilitering, det blir pleie i staden for trening og det å få pasientane tilbake til heimen.
Tida går til mat og oppvask
Mykje av tida som vart brukt til pasientane, brukar dei tilsette no til mat og oppvask. Ein del pårørande har merka seg dette og synest det er synd at tilsette må ta oppvasken i staden for å ta seg av pasientane. Rådmann Martin Lyngstad godtek ikkje utan vidare at situasjonen er så ille.
Urolege pasientar
Pasientane må no vente lenger, presset på heimetenesta og dei pårørande aukar, og pasientane er meir urolege fordi personalet er opptekne med andre oppgåver enn å ta seg av dei.
Forsvarleg eller ikkje?
Helse- og sosialsjef Anny Felde har på bakgrunn av dei økonomiske nedskjeringane i fjor bede om tilbakemelding frå dei tilsette. Felde skal fyrst i eit møte 6.april ta stilling til om tilbodet er forsvarleg eller ikkje.