Nedlegging av Vik fengsel blant alternativa i ny utgreiing

Det har i årevis vorte kjempa for ei utbygging av Vik fengsel i Sogn. I ei utgreiing av fengselsvesenet på Vestlandet er nedlegging blant alternativa.

vik fengsel

NEDLEGGING BLANT FORSLAGA: Nedlegging av Vik fengsel er eitt av alternativa i ei KVU for fengselsvesenet på Vestlandet, ifølgje stortingsrepresentant og medlem av justiskomiteen på Stortinget Frida Melvær (H).

Foto: Tone Merete Lillesvangsstu / NRK

Mange har ønskt ei utviding av fengselet i Vik kommune, som er det einaste i Sogn og Fjordane. Men i ei konseptvalutgreiing (KVU) for fengselsvesenet på Vestlandet, skal nedlegging vere blant alternativa.

– I rapporten til konseptvalutgreiinga ligg det føre fleire ulike konsept for tilrådingar. I eitt av dei er det foreslått å vidareføre fengselet i Vik, i andre er det føreslått nedleggingar i Vik og i andre område, fortel stortingsrepresentant og medlem av justiskomiteen på Stortinget, Frida Melvær (H).

Ho understrekar at det er snakk om vurderingar, og ikkje ei avgjerd.

Bør ha fengsel mellom Bergen og Ålesund

Konseptvalutgreiinga var ifølgje Melvær klar i vår, og det skal no gjennomførast ei konsekvensutgreiing som etter planen skal sluttførast dette året. Konklusjonar der vil gi eit grunnlag for eventuelle prioriteringar når det gjeld utbyggingar og drift av fengsel på Vestlandet, fortel ho.

– Så blir det ei årleg vurdering i dei vanlege budsjettprosessane kva som blir prioritert først og sist, seier stortingsrepresentanten.

Frida Melvær

BØR BESTÅ: Stortingsrepresentant Frida Melvær (H) meiner Vik fengsel er eit velfungerande fengsel.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Ho meiner det er naturleg at ein også i framtida skal ha eit fengsel mellom Ålesund og Bergen.

– Det handlar om å ta vare på nærleiksprinsippet som ligg til grunn i kriminalomsorga.

– Ut frå det du kjenner til, er det grunn til å frykte for framtida til Vik fengsel?

– I så fall ikkje i nær framtid. Men det er klart at ein skal vere vaken for framtidige prosessar når det gjeld struktur, innhald og tiltak i kriminalomsorga på Vestlandet. Men det er viktig å presisere at det ikkje er konkludert, seier Melvær.

Stort etterslep andre stader

Vik fengsel har i dag 39 plassar.

– Fleire har gjennom mange år ønskt ei utbygging. Er det eit rett grep?

– På eit tidspunkt meiner eg det kan vere godt grunnlag for det. Men per i dag ser også eg at det er andre stader i landet der dei kritiske utfordringane er mykje større, seier Melvær, som viser til at det i kriminalomsorga generelt er stort etterslep.

– Eg vil tru ein i første omgang vil konsentrere seg om bygga som har kritiske utfordringar. No har vi nesten ikkje fengselskøar. Utbyggingar må skje i takt med behovet og der det er mest kritisk.

Ordføraren er ikkje uroa

Justis- og beredskapsdepartementet har førebels ikkje hatt anledning til kommentere saka.

Vik-ordførar Roy Stadheim (Ap), som også er tidlegare fengselsleiar ved Vik fengsel, seier KVU-en for Vestlandet enno ikkje er frigitt av departementet. Han blir ikkje uroa over det stortingsrepresentanten skisserer frå innhaldet.

– Til liks med KVU-en som blei lagt fram for Austlandet, så er det ytste og mildare konsekvensar som ligg til grunn. Så eg er ikkje uroa med tanke på framtida til Vik fengsel, seier Stadheim.

Roy Egil Stadheim

IKKJE UROA: Vik-ordførar Roy Stadheim (Ap), som også er tidlegare fengselsleiar i Vik fengsel, er ikkje uroa over framtida til fengselet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Berre i 2019 er det investert 20 millionar på nytt sikkerheitsgjerde og nytt kontorbygg. Vi får berre vente og sjå til KVU-en kjem, seier Stadheim.

– Vik har ein stor fordel

– Kvifor meiner du ein treng å ha eit fengsel i Vik?

– Å drive kriminalomsorg i distriktet der du kan bruke heile kommunen til rehabilitering, det er ein kjempefordel. Eg er ikkje i tvil om at måten vi driv på i Vik, er den beste måten for rehabilitering.

Stadheim har gode forhåpningar til at framleis det kan kome ei utbygging av fengselet. Han seier dei 25–30 nye arbeidsplassane som vil følgje med, vil vere av stor betydning for kommunen.

– Dei signala eg har fått frå direktoratet, er at dei skal satse på Vik i framtida. Eg har tru på at vi får det til.