Nedlagd skule får igjen ta imot elevar

Balestrand kommunestyre har vedteke at Fjordtun skule i Sværefjorden skal få ny aktivitet neste skuleår. Men dette gir ingen garanti for å behalde skulen i framtida.

Fjordtun skule i Sværefjorden

NYYT LIV: 1.klassingane i Sværfjorden kan frå hausten av starte opp ved Fjordtun skule, men framtida for skulen heng framleis i ein tynn tråd.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fleirtalet i Balestrand kommunestyre vedtok fredag å ta imot ei pengegåve på om lag ein halv million kroner frå Fjordane grendelag.

Pengane skal brukast til å drive første og andre trinn på grendeskulen som dette året har stått tomt. For i fjor blei det vedteke at dei fire klassetrinna skulle leggjast ned, og elevane måtte pendle til Balestrand. Men frå hausten får tre elevar gå i første klasse på Fjordtun skule.

– Det er kjempeflott. Det er verkeleg ein siger som gir oss lyst til å tru på at det går an å snu noko berre ein vil nok, seier Gerd Laila Ræstad i aksjonsgruppa.

Sp: – Stort av grendelaget

Ho meiner det er skuffande at politikarane ikkje vil opne for fire skuletrinn, og på permanent sikt, men håpet lever.

– Vi håpar og trur at politikarane tek til fornuft, og at når vi å bevise noko dette året, så vil dei vere velvillige og stå på for oss også, seier Ræstad.

Balestrand Senterparti var sterkt imot å legge ned skulen. Leiar Gunnar Vervik er glad for at innsamling frå folk i bygdene gjer det mogeleg å ha skule frå hausten.

– Eg synest det er stort at grendelaget si aksjonsgruppe har klart å samle inn midlar til å opne skuletilbodet ved Fjordtun oppvekstsenter. Det ser vi på som svært positivt.

Håpar ordninga kan halde fram

Men vedtaket opnar altså ikkje for at det skal gjelde fleire år. Vervik seier tida vil vise om ein likevel kan halde på eit tilbod ved skulen.

– Vårt parti håpar dette skal ordne seg framover, men det er klart det ikkje er nokon gangbar veg på lang sikt å gjere det på denne måten. Førebels er vi takksame for at aksjonsgruppa har gjort det mogleg at første og andre trinn vert opna att, seier han.

Sjølv om det berre blir tre elevar i første klasse, og ein tom andreklasse for neste skuleår, meiner Ræstad i aksjonsgruppa at det er fornuftig å halde fram med denne ordninga.

– For oss er det viktig at dei ser på at det er 15 ungar i barnehagen som ventar på å få kome opp, og at det er lang veg for dei. Det er nokon som må pendle over tre mil for å kome til skulen. Ved å vere inne i fjorden kan dei delta på aktivitetar på ettermiddagen. Det kan dei ikkje no, for dei blir for trøytte.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.