Hopp til innhold

Nedjusterer varselet for søndag - men måndag vert det vått

Dei store nedbørsmengdene som var venta søndag, kjem truleg likevel ikkje. Men måndag er det venta mellom 60 og 75 millimeter nedbør over Vestlandet.

To mennesker i plaskende regn under en paraply

VÅTT: Måndag er det venta store nedbørsmengder over heile Vestlandet.

Foto: MAXPPP / PHOTOPQR/L'ALSACE

– Etter å ha sett på prognosane har vi trekt tilbake varselet for søndagen. Det vert rett nok vått, om lag 30 millimeter nedbør på eitt døgn. Men dette er ikkje unormalt mykje for Vestlandet, seier vakthavande meteorolog Bård Fjukstad ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Fredag sende Fylkesmannen ut varsel, i samråd med NVE, der dei oppmoda kommunane om å følgje nøye med dersom nedbørsmengdene skulle bli så store som frykta søndag og måndag. No ser det ut til at søndag skal gå greitt, men at måndag vert av det våtare slaget.

– Eg trur eg kan seie ganske sikkert at varselet for måndag ikkje vert justert ned. Det er ingenting som tyder på det, seier Fjukstad.

Er eit ordinært lågtrykk

Det kjem eit nedbørssystem frå vest som inneheld mykje vête, og dette kjem ned over Vestlandet om ein vil eller ikkje.

– Det er varmt og fuktig i Atlanterhavet, og då får vi merke det. Men eg understrekar at dette er eit ordinært lågtrykk, og det er ikkje snakk om noko storm eller liknande, seier Fjukstad.

Mange er framleis på ferie og tenkjer kanskje ikkje så mykje på hus og heim. Men Fjukstad ber folk ta forholdsreglar.

– Rydd opp ute og lag til slik at vatnet har ein plass å renne. Det er mykje som skal unna på kort tid, og då må vatnet ha fri veg, seier Fjukstad.

Kan komme flaumvarsel

Også rådgjevar i beredskapsavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Anne Eide, ber folk følgje med.

- Vi ber kommunane følgje litt ekstra med både på vêret og vêrmeldingane. Vi vart kontakta av NVE si flaumvarsling, som også følgjer situasjonen nøye. Dersom det vert naudsynt, kan det komme flaumvarsel i løpet av helga, seier Eide.

Også ho er klar på at det ser verst ut måndag.

- Det er helg og vi er midt i ferieavviklinga. Då er det greitt å gi eit lite varsel på at det kan komme noko, seier Eide.