Hopp til innhold

Stor nedgang i statlege arbeidsplassar i Nordfjord - Venstre gir Ap skulda

Ifølgje tal frå Møreforsking har talet statlege arbeidsplassar gått ned med 10 prosent i Nordfjord. Sogn og Fjordane som fylke ligg også svært lågt på landsbasis når det gjeld statlege jobbar.

Rotevatn og Bremer

IKKJE SAMDE: Sveinung Rotevatn (t.v.) meiner det må eit regjeringsskifte til for å få fleire arbeidsplassar ut i distrikta. Det er ikkje Tor Bremer (Ap) samd i.

Foto: Heiko Junge/Brit Jorunn Svanes / NTB Scanpix/NRK

– Eg trur hovudutfordringa er kven som sit med makta. Då har du ein akutt motvilje mot å spreie makt og desentralisere arbeidsplassar, og særleg flytte dei ut frå Oslo. Det er heilt tydeleg, seier Sveinung Rotevatn, som er 1.-kandidat frå Venstre.

Medan det på landsplan er stor vekst i statlege jobbar, heng Sogn og Fjordane bakom.

Særleg i Nordfjordregionen er utviklinga dårleg, tal frå Møreforsking viser at regionen har hatt ein nedgang på minst 70 jobbar dei fem siste åra, også i Indre Sunnfjord ser ein stagnasjon den seinare tida.

Må seie at nok er nok

I Vågsøy er høgreordførar Morten Hagen lei statleg sentralisering frå fylket.

– Vi må slutte å tenkje at alt skal sentraliserast. Siste eksempel no er tollvesenet i Måløy som region Vest vurderer å avvikle. No er vi nøydde til å seie at nok er nok, seier Vågsøy-ordførar Morten Hagen.

Under den borgarlege regjeringa for åtte år sidan vart nær 1000 statlege jobbar i tilsyn og direktorat flytta ut frå Oslo.

Sveinung Rotevatn som er fyrstekandidat for Venstre til Stortinget seier Sogn og Fjordane er det fylket som har nest minst vekst i statlege arbeidsplassar på landsplan. Han vil få i gang att utflyttinga av jobbar.

– Eg trur grunnen til at den borgarlege regjeringa klarte det, var at vi i motsetnad til dagens regjering, ikkje var styrt av ein Oslo-klikk, eller av fagforeiningane sentralt. Eg tvilar ikkje på at det er gode intensjonar til dømes frå Senterpartiet si side, men det er klart at når vi ser at regjeringa er så til dei grader styrt av krinsen rundt Oslo Arbeiderparti, så har det vore veldig vanskeleg å flytte ut statlege arbeidsplassar, seier Rotevatn.

Viktigare med mange, enn kvar dei er

I Vågsøy meiner Morten Hagen at utviklinga er urettferdig. Når Nordfjordregionen har eit sterkt privat næringsliv bør det i seg sjølv vere eit argument for å få meir statleg aktivitet, seier han.

– Det er slett ikkje rettferdig når vi ser på dei moglegheitene som er i det private næringslivet, seier Hagen.

Men stortingsrepresentant frå Arbeiderpartiet Tor Bremer meiner det ikkje er grunn til å kritisere Ap.

Bremer viser til at den raudgrøne regjeringa har skapt 330 000 nye jobbar på landsplan dei siste åtte åra, og at den veksten viser att også her i fylket. Han meiner dei borgarlege sin privatiseringspolitikk vil tappe fylket for jobbar, særleg innan helse.

– Det viktigaste er at vi har mange arbeidsplassar, at vi har høg sysselsetjing, låg arbeidsløyse og at vi har høg kvalitet på utdanning av ungdom, som gjer at bedriftene våre har god arbeidskraft som sikrar arbeidsplassane og gjer at vi kan utvikle Sogn og Fjordane, seier Bremer.

Trur ikkje desentralisering bergar distrikta

Ordførarar over heile landet ber som Morten Hagen i Nordfjord om å få fleire statlege jobbar, men Bremer seier at mange kommunar kunne jobba betre og meir aktivt sjølve.

– Men har ikkje dei eit poeng i at Victor Normann fekk flytta ein del arbeidsplassar frå Oslo-gryta og ut i distrikta?

– Jau, Normann gjorde nok ein jobb der. Men eg trur ikkje vi bergar distrikta ved å flytte ut nokre statlege arbeidsplassar rundt omkring. Det viktigaste er at vi har eit offensivt system for å utnytte dei regionale og lokale moglegheitene vi har, for å skape arbeidsplassar, seier Bremer.

– Møreforsking har statistikk som syner at veksten i statlege arbeidsplassar har flata ut mellom anna i indre Sunnfjord, og i Nordfjord ser ein nedgang på ti prosent. Er det tal ein kan vere nøgd med?

– Nei, eg ser for meg at vi burde hatt eit høgare tal her, og hatt noko betre resultat akkurat på det området, seier Bremer.

Er finansiert av alle veljarane

Men Sveinung Rotevatn frå Venstre meiner regjeringa gløymer at det finst gode argument for å flytte arbeidsplassar ut av Oslogryta.

– Det er fint at det kan vere litt avstand mellom ulike statlege etatar. Dessutan er det slik at statlege arbeidsplassar er finansiert av alle veljarane i Norge, og då meiner eg at det berre er rett og rimeleg at slike arbeidsplassar ikkje berre hamnar éin plass, men at dei kan bli spreidde over heile landet, seier Rotevatn.

Han legg til at det også er slik at statlege arbeidsplassar er viktige kompetansearbeidsplassar som også betyr mykje for privat næringsliv.

– For då er det mogleg å finne spennande jobbar for mange som ønskjer å flytte heim att og ha ulike karrierar. Så det å ha statlege arbeidsplassar i heile landet, også i Sogn og Fjordane, er eit viktig mål for oss i Venstre, seier Rotevatn.