Nedgang i søkartala til vidaregåande

Til saman 4045 elevar har søkt vidaregåande opplæring, det er 140 færre enn i fjor.

Operahuset

FÆRRE: Dei vidaregåande skulane i fylket har færre søkjarar. På biletet ser du Eid vidaregåande skule.

Foto: Øystein Torheim

Primærsøkjartalet til dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane vart klare i dag.

– Det er ingen store overraskingar som ligg i talet på søkjarar, seier fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim.

Fasiten viser at det er 162 færre søkjarar til vidaregåande skule enn i fjor, medan det er ein liten oppgang i tal søkjarar til opplæring i bedrift. Til saman er nedgangen på 140 elevar, eller om lag 3,5 prosent.

Nedgang på alle trinn

Primærsøkjartala viser kva søkjarane med ungdomsrett har som fyrsteval, dei viser ikkje fordelinga av søkjarane til det ulike tilboda. 266 søkjarar utan ungdomsrett har søkt skuleplass.

Det er 41 færre søkjarar til vidaregåande trinn 1 (vg1), 46 færre til vidaregåande trinn 2 (vg2) og 75 færre til vidaregåande trinn 3 (vg3).

Til vidaregåande opplæring nivå 1 (vg1) søkjer 54 fleire yrkesfag og 95 færre søkjer studieførebuande utdanningstrinn.

– Vi har ein lita auke i søknad til yrkesfag som elektrofag, service og samferdsle, byggfag og helsefag. Særleg innan dei to sistnemnde er det eit stort behov for arbeidskraft framover, seier ho.

Det er nedgang i søkinga til studiespesialisering, musikk, dans og drama og teknikk og industriell produksjon.

Til vg2 er det er det auke i søkinga til studiespesialisering og elektrofag. Det er nedgang i søkinga til vg2 til idrettsfag, bygg og anleggsteknikk, medium og kommunikasjon, service og samferdsle og teknikk og industriell produksjon. Til vg2 kjemiprosess er det ekstra låg søknad med tre primærsøkjarar til 12 plassar.

Det er også nedgang i søkinga til vidaregåande opplæring nivå 3 (vg3) studiespesialisering.

Sogn og Fjordane har 786 læreplassar i bedrift. Det er 514 søkjarar med ungdomsrett til opplæring i bedrift. Det er 22 fleire enn i fjor. Det er i alt søkjarar til 52 ulike lærefag.

– Vi har fått nokre fleire søknader enn i fjor. No skal det gjerast eit hardt arbeid både frå bedriftene og fylkeskommune si side. Vi arbeidar for at dei som ønskjer læreplass, får dette så raskt som råd, seier Skaasheim.

Hovudutvalet for opplæring gjer vedtak om justering av opplæringstilbodet for skuleåret 2015–2016 i møtet den 25. mars.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.