Hopp til innhold

Nedgang i mjølkeproduksjonen

Etter vekst i mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane i 2016 vart det ein nedgang i 2017. Det skriv Fylkesmannen på si heimeside. I 2017 vart det produsert 103,9 millionar liter, mot 106,1 året før. Fylket er på sjetteplass på landsoversikta over dei fylka som produserer mest mjølk og totalt vert seks prosent av den totale mjølkeproduksjonen i Noreg produsert her.

Økologiske mjølkekyr i Fjærland
Foto: Bård Siem / NRK