NRK Meny
Normal

Likevel betre enn konkurrentane

Nordfjord Kjøtt i Loen hadde i fjor eit overskot på 117 millionar før skatt. Dette er ein nedgang på 8,3 millionar samanlikna med 2010.

Nordfjord Kjøtt

GÅR NED: Sjølv om inntektene til Nordfjord Kjøtt auka med 7,4 prosent i 2011, auka utgiftene meir. Dagleg leiar meiner dei ikkje var flinke nok til å justere prisane.

Foto: Bård Siem / NRK

Likevel tener Nordfjord Kjøtt langt betre enn konkurrentane, skriv Bergens Tidende.

Dagleg leiar Geir Egil Roksvåg ved Nordfjord Kjøtt

IKKJE NØGD: Dagleg leiar ved Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg, er ikkje nøgd med resultatet.

Foto: Bård Siem / NRK

Dagleg leiar i Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg, er ikkje nøgd med fjorårsresultatet. Inntektene auka med 7,4 prosent, men utgiftene auka meir. Det gjeld spesielt varekostnadane.

– Vi var ikkje flinke nok til å få med oss prisoppgangen på råvarene, og å justere prisane våre ut, seier Roksvåg til avisa.

Dobla omsetning

Konsernet har sidan 2007 nær dobla omsetninga, men driftsmarginen (driftsresultat i prosent av driftsinntekter) har gått ned. I 2008 var den på 9,8 prosent. I fjor var den 7,4.

Likevel er dei godt over marginane til fleire av konkurrentane, blant anna Nortura AS som hadde ein driftsmargin på 1,3 prosent.

Trass i nedgang i fjor tener familien Roksvåg godt. I fjor tok dei ut 55 millionar kroner av overskotet. Han vil ikkje sei til Bergens Tidende kva pengane skal brukast til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordfjord KJøtt i Loen

BETRE ENN KONKURRENTANE: Trass i nedgang for Nordfjord Kjøtt har dei ein betre driftsmargin enn dei største konkurrentane, blant anna Nortura AS.

Foto: Ottar Starheim / NRK

To milliardar er målet

Tidleg i fjor uttalte Roksvåg at han rekna med at konsernet ville passere to milliardar kroner i 2011. Det skjedde ikkje, men Roksvåg ser ikkje vekk frå at det kan skje i år.

– Ja, slik det ser ut no, men dette kan svinge fort, seier han.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.