Vik fristar nederlendarar
Prosjektet i Vik er langt frå det første i fylket som tek mål av seg å trekkje til seg innflyttarar frå blant anna Nederland. Frå før er det etablert ein liten koloni i Flora, mellom anna på øya Hovden.
Må ha pengar og planar
Det som kjenneteiknar dei som no har sagt seg interesserte i å flytte til Vik, er at dei også har klare planar om kva dei skal livnære seg av når dei kjem til bygda. For det er ein føresetnad for dei som vil kome til Vik at dei anten kan ta med seg jobben eller at dei har eigenkapital og ein idé dei kan setje ut i praksis.
- Nokre ønskjer å byggje hytter der fiskarar kan samlast eller overnatte, og andre vil satse på trimsenter og helsemassasje, fortel Loopstra.
Dessutan har Loopstra fått tak i ein tysk fastlege som vil slå seg ned i sognebygda.
Har gløymt kor vakkert det er
- Nordmenn har gløymt kor vakkert det er på Vestlandet og vil gjerne flytte til storbyen, medan nederlendarar, belgiarar og tyskarar har sett at naturen forsvinn. Dei ser at det blir for mykje folk, og ønskjer å leve meir i pakt med naturen og ha meir fridom rundt seg, seier Loopstra, som no har budd i Vik i meir enn 15 år.