Eitt av husa som vart bygd av nederlendarar på Hovden. Arkivfoto NRK
Det var i alt 11 familiar som kom til Hovden, men i dag er det berre tre familiar att. Patrick Lancee er mellom dei som framleis er på Hovden, men også han har fått heimlengsel. - Det var idyllen som lokka oss, i tillegg til ei eventyrlyst. Idyllen er der framleis, men eventyret er ikkje der lenger, seier han.
Lettare kvardag på fastlandet
Nokon har flytta til fastlandet for å gjere kvardagen lettare for borna som då slepp å vere avhengige av båt for å vere med på fritidsaktiviteter. Sjølv om dei fleste har busett seg andre stader i Noreg, har også enkelte reist attende til Nederland.
Avhengig av å få selt huset
Også Patrick og familien vurderer no å flytte frå øya til fastlandet. Dei to gutane deira saknar leikekameratar. Fabrikken der han jobba vart lagd ned. Han er arbeidsledig og har eit huslån å betale. Men dei er avhengige av å få selt huset før dei kan starte på ny.
- Ikkje lett overgang
På skulen merkar dei no fråflyttinga frå Hovden. Rektor ved Årebrot skule, Gunnar Sortland, seier at for nokre år sidan var dei fleste elevane ved skulen innflyttarar frå Nederland, i dag er det berre sju igjen. Sortland trur ikkje det kan ha vore så lett å kome frå ein storby og til ei øy utan skule, butikk, kafe og kino. Elevane frå Hovden blir skyssa med båt til og frå skulen på Årebrot.