Hopp til innhold

Her blei det sett nedbørsrekord - Sogn og Fjordane desidert våtast siste dagane

Det siste døgnet har det kome mykje nedbør langs kysten av Sogn og Fjordane. Fleire stader er det blitt sett ny februarrekord.

Svelgen

REKORD: Februar har vore svært våt her i Svelgen. Her blei det sett ny februarrekord på 70,4 mm.

Foto: Ståle Sørbotten

Målestasjonane i Svelgen, Eimhjellen og Refsvik har hatt rekordmykje nedbør frå 23. februar- 24. februar. Det var også nær ved at ein 50 år gamal nedbørsrekord på Takle vart slegen.

– Det har utvilsamt vore veldig vått i Sogn og Fjordane siste døgnet. Fleire stader på Vestlandet har fått meir nedbør enn normalt for februar, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Geir Ottar Fagerlid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vêrkart nedbør 24.02.2014
Foto: senorge.no

Tre rekordar

Eimhjellen har hatt målingar sidan 1981. Det siste døgnet har det kome 118 mm, noko som er rekord. Den førre februarrekorden er frå 6. februar 1990 og var på 100,8 mm.

I Svelgen vart det sett rekord med 70,4 mm. Her har det vore måling sidan 1973 og sist det vart sett februarrekord var 6. februar 1990, same som Eimhjellen, med 67,6 mm.

Også i Refsvik har det kome mykje nedbør dette døgnet. Her har det berre vore målingar sidan 1996. Førre rekord var på 38,6 mm 6. februar 2006, siste døgnet kom 44,2 mm.

Målestasjonen på Takle måler ofte mykje nedbør. Her har det vore målestasjon sidan 1950. Rekorden for februar er frå 1. februar 1962 og var på 104,1 mm. Det siste døgnet viser at den over 50 år gamle rekorden nesten blei slegen. Då kom det nemleg 101,5 mm.

Meir mildvêr

Mykje tyder på at mildvêret held fram også dei neste dagane, kan Fagerlid fortelje.

– Det vil komme mellom 10–30 mm lokalt dei neste døgna i Sogn og Fjordane. Det vil vere ganske mildt med 10–12 varmegrader på dagtid. Det er lite som minner om februar. Temperaturane pleier å vere rundt 0 på denne tida av året. I fjor var det minus 10 på det jamne, så det er stor skilnad frå i fjor til i år.

Fagerlid fortel av det er tydeleg at det blir eit meir vestleg preg på nedbøren, så det vil ikkje bli så tørt framover som det har vore siste tida.

Trur vi får sjå vinteren

Geir Ottar Fagerlid, statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt

METEOROLOG: Geir Ottar Fagerlid.

Foto: Meteorologisk institutt

– Eg trur vi får sjå vinteren i år. Det kan virke som om vinter og vår har skifta plass. Temperaturane vil gå nedover mot helga. Då er nok nattefrosten tilbake, seier han.

Om du er på leit etter snø og minusgrader, må du nok høgt til fjells.

– Eg har dessverre ingen trøyst til skitrekka. Det er jo ikkje noko vintervêr det vi har no. Mange ønskjer seg skikkeleg vinter, men eg har dessverre inga trøyst å komme med enda, seier Fagerlid.

Mest nedbør vil komme torsdag denne veka, men det vil ikkje kome like mykje som det har gjort siste døgnet, fortel Fagerlid.

Det er også stor skilnad på indre og ytre strøk. Dei siste dagane er det kysten av fylket som har merka dei store nedbørsmengdene, medan dei indre stroka har hatt meir normal nedbørsmengde.