NRK Meny
Normal

Navarsete: – Fylkesmannen bommar på fakta

Liv Signe Navarsete meiner Fylkesmannen og NAV tek feil, når dei tek ein omstridt rapport til inntekt for at ei kommunesamanslåing i Sogn vil trygge statleg jobbar.

Liv Signe Navarsete

BOMSKOT: Liv Signe Navarsete meiner fylkesmann Anne Karin Hamre bommar på fakta når ho viser til rapporten frå Oslo Economics.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

I går viste Fylkesmann Anne Karin Hamre til ein rapport frå Oslo Economics som. prov på at Leikanger ikkje blir sett på som ein del av ein større bu og arbeidsregion i Oslo

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) meiner Hamre bommar på fakta, og seier rapporten gir eit motsett bilete.

– I høve til kommunesamanslåingsargumentet, så føler eg at fylkesmannen og NAV-sjefen treffer heilt på sida, seier Sp-politikaren.

– Vil tryggje arbeidsplassar

Både fylkesmannen og NAV-direktør Thore Thorsnes hevdar ein storkommune i Sogn vil kunne sikre dei over 1 200 statlege og fylkeskommunale jobbane i Sogndal og Leikanger.

Tore Thorsnes og Anne Karin Hamre

STÅR PÅ SITT: Fylkesmann Anne Karin Hamre (t.h.) står på sitt.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Tanken er at storkommunar vil synleggjere at sjølv små bygder har store omland. Som eit døme brukte Hamre ein rapport frå konsulentselskapet Oslo Economics frå 2013 om kvar ei statleg valeining burde ligge.

– Der såg ein ikkje på heile bu- og arbeidsområdet Sogn, som er veldig integrert i dag. Der såg einberren på Leikanger og la vekt på at det var ein liten kommune med få innbyggjarar. Det gjekk igjennom at Leikanger vart for lite, sa Hamre.

Hamre står på sitt

Men Navarsete meiner det er feil å vise til denne rapporten.

– For det første kjem det tydeleg fram i Economics-rapporten at Leikanger er ein del av ein større arbeidsmarknadsregion med 14 000 arbeidsplassar.. Det er om trent det same som Brønnøysund har, og ein høgskule. Det går fram både på side 3–-38 og 4–-45 om nokon vil lese det, seier stortingspolitikaren.

Fylkesmann Hamre vil ikkje gi seg.

– Eg er usamd i at arbeidsmarknadsregionen Sogn er drøfta i noko grad frå Oslo Economics, seier ho.

– Leikanger er ein del av ein større arbeidsmarknadsregion. Det er dei også i rapporten frå Oslo Economics. Det kan vere grunnar til å slå saman kommunar, og mange meiner at det er veldig viktig. Det finnast sikkert også grunnar til å ikkje gjere det. Men poenget mitt er at den rapporten kan ikkje takast til inntekt for å slå saman kommunar, svarar Navarsete.

Vegopning på Bergum i Førde kommune