NRK Meny
Normal

Navarsete: – Eg starta elbileventyret

LEIKANGER (NRK): Eit av høgdepunkta under tysdagens valdebatt kom då Liv Signe Navarsete personleg tok på seg æra for å ha starta elbileventyret i Norge.

Debatt

MILJØDEBATT: Liv Signe Navarsete (Sp) under tysdagens debatt i Fylkeshuset.

Val

Navarsete, som i fleire år var samferdsleminister i den raudgrøne regjeringa, smelte til på direkten då tema var miljø under den store stortingsvaldebatten i fylkeshuset på Hermansverk tysdag kveld.

– Eg starta elbileventyret, sa Liv Signe Navarsete.

Det fekk Venstre-politikar Sveinung Rotevatn til å reagere.

– Nei, det var det din forgjengar Torild Skogsholm som gjorde, kom det kontant frå eidaren.

  • SJÅ DEBATTEN I OPPTAK HER.
Valdebatt i Leikanger

DEBATT: Stortingskandidatane frå fylket møtte til debatt i fylkeshuset tysdag kveld. F.v. Britt Dalsbotten (Frp), Frida Melvær (H), Sveinung Rotevatn (V), Marius Dalin (MDG), Tore Storehaug (KrF), Liv Signe Navarsete (Sp), Ingrid Heggø (Ap) og Vibeke Johnsen (SV).

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Debatt

Det var til tider høg temperatur under debatten som NRK Sogn og Fjordane arrangerte mellom førstekandidatane til stortingsvalet 11. september.

Tema var alle reformene som sitjande regjeringa har sett i verk, barnefattigdom, miljø og formuesskatt. Debatten vart leia av NRK sin Erlend Blaalid Oldeide.

Frp si Britt Dalsbotten tok eit oppgjer mot dei raudgrøne sin iver i å reversere reformene til den sitjande regjeringa.

Sveinung Rotevatn

PRAT: Sveinung Rotevatn (V) i passiar med sin tredjekandidat Anne-Mette Hjelle (V).

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det var mange reformer under den førre regjeringa også. Samhandlingsreforma til dømes. Og vi hugsar alle sjukehusreforma og den etterfølgande kampen om sjukehusa, sa Britt Dalsbotten (Frp).

– Det verste er at vi flyttar makt ut av fylket. Det er å gå med ræva inn i framtida, sa Navarsete om regionreforma.

Jarle Aarvoll

DISKUSJON: På Senterpartiet sin stand har Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll (t.h., Ap) litt å seie.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Duell

I ein duell mellom SV og Frp om barnefattigdom, gjekk SV inn for å auke barnetrygda, mellom anna for å få bukt med barnefattigdom i Norge.

– Mellom anna vil vi auke barnetrygda til åleineforsørgarar, sa Vibeke Johnsen (SV).

Dalsbotten meinte ei meir restriktiv innvandring måtte til, sidan mange av dei fattige familiane er innvandrarfamiliar.

KrF sin Tore Storehaug meiner Frp gjer barn til statistikk.

– Dei unge blir ikkje rikare om dei blir sitjande i flyktningleiren i Hellas, seier Storehaug.

Britt Dalsbotten, Frida Melvær

VENER: Britt Dalsbotten (Frp) og Frida Melvær (H).

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Mange tilskodarar

Firdasalen i fylkeshuset var fylt av tilskodarar, som på tampen av debatten fekk stille spørsmål til stortingskandidatane.

Spørsmåla frå salen var om kva fylkesmannen skal ha av innhald etter 2020, korleis vi skal behalde grendeskulane og om pendling for sensorar mellom skulane i det nye storfylket.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.