Hopp til innhold

Navarsete vil ut av EØS

Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete meiner det er realistisk at Norge snart melder seg ut av EØS.

Liv Signe Navarsete

VIL UT: Senterpartileiar Liv Signe Navarsete vil la folket seie sitt om EØS-avtalen.

Foto: Aleksander Andersen / Scanpix

Medan EU er i djup krise, er ei evaluering av den omstridde EØS-avtalen på trappene.

Samstundes viser målingar at det norske folk vil seie opp avtalen.

– EØS-avtalen har vore ei heilag ku i norsk politikk. Det er sterke krefter blanta partia og i byråkratiet som har lukkast med å leggje lok på debatten om EØS, seier ho til NTB.

Håpar på nei

Navarsete peikar på at motstand er blitt latterleggjort, men at det biletet er blitt radikalt endra siste tida.

– No er det for første gong sidan vi fekk EØS-avtalen duka for ei verkeleg folkeleg mobilisering mot EØS, seier Navarsete til NTB.

Ho håpar grasrota etter kvart tvingar fram eit norsk nei til avtalen.

– Førde bak lyset

Sp-leiaren opnar for ei folkeavrøysting om EØS-avtalen, eller eit vedtak i Stortinget.

Navarsete seier Sp vil krevje at ei ny raudgrøn regjering greier ut alternativ til avtalen etter neste stortingsval i 2013.

– Det går no opp for folk at dei er blitt førde bak lyset, seier Navarsete til NTB.