Hopp til innhold

Navarsete vert hylla etter avgangen

– Ingen kjem til å gløyme den innsatsen ho har gjort, seier Magnhild Meltveit Kleppa, som er tidlegare parlamentarisk leiar for Senterpartiet.

Navarsete hylla av tidlegare partikollega

FÅR SKRYT: I dag gjekk Liv Signe Navarsete offisielt av som partileiar i Senterpartiet. Tidlegare partikollega Magnhild Meltveit Kleppa hyllar den avtroppande Sp-generalen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Under landsmøtet i dag var Meltveit Kleppa full av lovord om avtroppande partileiar Liv Signe Navarsete. Dei to har samarbeida tett gjennom eit langt liv i politikken.

– Liv Signe har vist eit formidabelt engasjement og ein eigen evne til å stå på, som har smitta over på oss andre, seier Meltveit Kleppa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magnhild Meltveit Kleppa

FULL AV LOVORD: Tidlegare parlamentarisk leiar for Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, har mykje godt å seie om avtroppande partileiar Liv Signe Navarsete.

Foto: Foto Øystein Ellingsen

Trur ikkje politikken blir gløymt

I opptakten til landsmøtet har det meste dreia seg om personstriden mellom avtroppande partileiar Liv Signe Navarsete og nestleiar Ola Borten Moe.

Kleppa er ikkje redd for at dette skal overskygge innsatsen Liv Signe Navarsete har gjort for distriktspolitikken, kommuneøkonomien og samferdsla i landet.

– At ho då har hatt ei ukontrollert utblåsing no og då, det skulle berre mangle med det temperamentet ho har, men det er ikkje det vi vil hugsa Liv Signe for, seier Kleppa.

No meiner ho partiet må nytte høvet til å samla seg om dei politiske sakene.

– Her er ein landsmøtesal full av aktive folk. No må alle brette opp ermene og stå på vidare, sa Meltveit Kleppa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Signe Navarsete i fokus

I SENTRUM: Liv Signe Navarsete var i sentrum for merksemda i starten av det ekstraordinære landsmøtet til Senterpartiet i dag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Navarsete held fram i politikken

Frå talarstolen forklarte Navarsete seg tidlegare på dagen om kvifor ho følte det var rett å trekke seg.

– Å skulle klamre meg fast til makta er ikkje min stil. Eg gjorde det av kjærleik til partiet. Stadige angrep frå ulikt hald svekka meg som leiar, sa Navarsete frå talarstolen.

Navarsete sa også at ho ønskjer å halde fram som folkevald stortingspolitikar frå Sogn og Fjordane.

Magnhild Meltveit Kleppa tykkjer det er trist at Navarsete går av, men tek godt imot meldinga om at ho held fram i politikken

– Det er klart det er vemodig, både for Liv Signe og for alle som har stått henne nær. Samtidig er det veldig bra at ho har sin plass i stortingsgruppa. Vi kjem til å høyre mykje frå ho også i framtida, seier Meltveit Kleppa.

– Sognerøtene ikkje årsaka til turbulensen

Harald Stanghelle, politisk redaktør i Aftenposten, seier karrieren til Liv Signe Navarsete har vore prega av både opp- og nedturar.

– Det har vore gjennomslag for Sp-politikk på svært sentrale område, ikkje minst på veg og landbruk. Samstundes har det vore ei vanskeleg tid for partiet. Ikkje minst dei siste månadane, med sterk strid, seier Stanghelle.

Navarsete sjølv trekte fram det at ho er sogning, fritalande og med stort temperament, som årsaker til all turbulensen rundt ho som person. Stanghelle er berre delvis einig.

– Det er i alle fall ikkje det at ho er sogning som gjer at ho må trekka seg. Men ho har hatt ein leiarstil som nok har provosert ein del. Ho har ikkje lagt skjul på at temperamentet hennar kunne løpe av med henne. Det har nok skapt meir turbulens enn naudsynt innanfor Senterpartiet.

Men han trur ikkje at all skitkastinga den siste tida vil svekke ettermælet til den avtroppande leiaren.

– Det kastar lange skuggar akkurat no. Men all erfaring tilseier at dei bleiknar i historias lys, seier Stanghelle.

Harald Stanghelle

SKUGGANE VIL BLEIKNE: Harald Stanghelle, politisk redaktør i Aftenposten, trur det er dei politiske sakene Liv Signe Navarsete vil bli hugsa for.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix