NRK Meny
Normal

Navarsete: - Det har vore tøffe veker, det trur eg ikkje eg skal leggje skjul på

Dårlege meiningsmålingar og ein valkamp i motvind. Senterpartileiar Liv Signe Navarsete vedgår at ho har vore uroa for korleis det skulle ende.

Navarsete

VAR UROA, SER FRAMOVER: Liv Signe Navarsete legg bak seg nokre tøffe månader, og legg ikkje skjul på at ho har vore uroa etter mange dårlege meiningsmålingar.

Foto: Ellen Viseth / NRk

– Det har vore tøffe veker, det trur eg ikkje eg skal leggje skjul på. Eg har vore uroa for meiningsmålingane, seier Navarsete til NRK.no like før klokka 07 tysdag morgon.

Då har Sp-leiaren fått seg ein liten time på auget etter å ha heldt det gåande med partikollegaer til langt ut på morgonkvisten. Dei siste oppteljingane viser at Senterpartiet endar på 5,5 prosent oppslutnad, og får ti mandat på stortinget.

Meiningsmålingane fram mot valdagen har i fleire tilfelle vore dystre for Sp sin del, men Navarsete og partiet beviste det dei fleire gonger sa. Dei gjer det tradisjonelt betre ved val enn i meiningsmålingar.

– Eg har vore uroa, men svaret som både eg og Senterpartiet kunne gje, var å ikkje uro seg meir, men arbeide meir. Så eg har opplevd eit parti som verkeleg har reist seg, bretta opp ermane og teke tak.

– Vi har drive valkamp på alle små og store plassar, i bygder og byar, overalt. Det er det som gjer at vi har kome betre ut, og det er den innsatsen frå partiet landet rundt, ikkje minst i Sogn og Fjordane, som gjer at dei som har vurdert valkampen har bomma totalt, og at meiningsmålingane også har slått feil ut for Senterpartiet, seier Navarsete.

– Eit forunderleg spel

Det har gjennom heile valkampen vore knytt stor spenning til kva oppslutnad Senterpartiet ville ende ut med, og i fleire målingar har partiet altså lege dårleg an. 99,7 prosent av stemmene er talde opp tysdag morgon og Sp får ein oppslutnad på 5,5 prosent.

Allereie i går kveld var det klart at både Navarsete, og andre sentrale politikarar som Trygve Slagsvold Vedum og Marit Arnstad beheld plassane sine. Og det var ein rørt partileiar som gjekk på talarstolen og takka for støtta.

På spørsmålet om ho held fram som partileiar var svaret hennar i går kveld eit klart ja. At det har vore mykje merksemd rundt spørsmålet i media siste tida forundrar Navarsete.

– Det er eit forunderleg spel at mi rolle som partileiar alltid kjem opp til debatt. Det er nokon i media, i Oslo spesielt, som elskar å køyre det fram, uansett, seier ho til NRK.no dagen derpå.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Signe Navarsete talte til partiet sitt under Senterpartiet si valvake 2013
Foto: Hans Olav Rise / NRK

– Står meir samla enn nokon sinne

– Eg opplever eit parti som står meir samla enn nokon sinne, og i denne valkampen har vi verkeleg vore eitt lag. Frå meg som leiar og til alle lokallag. Eg har sjeldan opplevd Senterpartiet meir samla, og eg har vore i partiet lenge.

Likevel er det ikkje til å kome frå at det er naturleg at det blir fokus på leiaren om parti leverer dårlege valresultat.

– Vi ser no at både Jens Stoltenberg, Siv Jensen og Audun Lysbakken har gjort vesentleg dårlegare val enn Senterpartiet. Utan at eg har registrert at det er stor debatt om leiarspørsmålet i dei parti. Difor må ein kanskje spør seg kvifor det alltid er nokon som heile tida elskar å ta opp mi leiarrolle, seier Navarsete.

– Slik har det vore sidan første dagen eg vart vald, legg ho til og ser ingen grunn til å stille rolla si til disposisjon.

– Eg opplever at Sp no kjem tilbake med ti mandat etter å ha sete i regjering i åtte år. Det meiner eg vi skal stå oppreist etter. Ikkje berre eg som leiar, men heile partiet.

– Dette er ein lagsiger, det er ikkje ein einmannsjobb. Det er mange tusen som har stått på i vekevis for dette, slår ho fast.

Stor støtte i heimfylket

I heimfylket Sogn og Fjordane fekk Senterpartiet ein oppslutnad på 20,7 prosent. Med det går dei tilbake 4,5 prosent frå sist val, men likevel langt betre enn meiningsmålingar som ved fleire høve har vore nede på 14-15-talet.

Under partiets valvake på Sunnfjord Hotel i Førde i går kveld var det stor stemning i Sp-leiren, og også Navarsete gler seg over valresultatet.

– Ut frå det utgangspunktet vi hadde, der vi var veldig langt nede på meiningsmålingane, så har vi gjort ein god valkamp i Sogn og Fjordane, seier ho og sender ei stor takk til alle som har bidrege.

– Sogn og Fjordane si utsending

Navarsete har vore både samferdsleminister, og no dei siste åra kommunal- og regionalminister. No blir ho derimot berre vanleg stortingspolitikar, i opposisjon.

– Det blir ei ny og spennande oppleving. Akkurat no er eg skuffa over at vi har tapt regjeringsmakta, for at regjeringsmakt gir moglegheit til å styre utviklinga på ein langt sterkare måte enn ein kan som stortingsrepresentant, seier Sp-leiaren.

Samtidig ser ho moglegheita til å vere ei sterkare røyst for heimfylket.

– Det gjer også til at eg får høve ti å vere Sogn og Fjordane si utsending i større grad enn eg kunne vore som regjeringsrepresentant.

– Eg kjem til å konsentrere meg om å fremje Sogn og Fjordane sine interesser. Og eg lovar eg skal vere ei vaktbikkje overfor den regjeringa som måtte komme, korleis den enn måtte sjå ut, og korleis dei vil forvalte det vi har bygd opp.

Ser framover

Då NRK snakka med Navarsete i 07-tida tysdag morgon var det ein blid og relativt opplagt Senterparti-leiar, som trass tap av regjeringsmakt, vel å sjå framover.

– Det er vel å ta i hardt å seie at eg er godt nøgd med valresultatet, men som sagt, med dei føresetnadane som var der, ut frå det, så er eg rimeleg godt nøgd, seier ho.

Ho avslører at ho saman med partikollegaer og nære medarbeidarar held det gåande til langt på natt.

– Det var veldig godt å ha gode medarbeidarar rundt seg, snakke litt ut og lande litt etter valet. Og tenkjer framover, det starta vi med alt i natt.

– No er vi klare for å sjå vidare framover, på korleis vi skal byggje organisasjonen, korleis vi skal utvikle politikken og korleis vi skal byggje Senterpartiet vidare.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser