Hopp til innhold

Navarsete tek over SP-roret

Blir partileiar allereie i haust.

Liv Signe Navarsete
Foto: Nils Mehren / NRK

Medan SP sitt landsstyremøte tar til på Gardermoen onsdag, synast det klart at Liv Signe Navarsete, andre nestleiar i SP, rykker opp som partileiar allereie fra i haust, skriv Aftenposten.

Det vil anten skje på eit nytt landsstyremøte eller på eit ekstraordinært landsmøte.

Ho vil altså ikkje måtte vente til eit ordinært landsmøte i mars neste år for å bli valt.

Dyrt ekstramøte

Fylkesleiarane til Senterpartiet skal, saman med resten av landsstyret som er samla på Gardermoen i dag, avgjere kva forum som skal velje Navarsete til hausten.

Eit ekstraordinært landsmøte vil vere svært dyrt, og gjere eit stort innhogg i partiets valgkampbudsjett. Det er difor ikkje sikkert at dette vil vere løysinga SP går for.

Men same kva møte dei endar opp med, vert det antyda at det vil bli haldt i midten av september.