NRK Meny
Normal

Navarsete slaktar blå landbrukspolitikk

Frå ei årrekkje med for lite norsk lammekjøt på marknaden, er det no overproduksjon. Bønder som satsar stort på nye store sauefjøs risikerer låge kjøtprisar og ei dyster økonomisk framtid. – Elendig landbrukspolitikk, seier Liv Signe Navarsete (Sp).

Marte Bauge Torland deler opp lam

FRÅ LITE TIL MYKJE: På rekordtid har det gått frå for lite norsk lammekjøt til overproduksjon og prispress. Unge bønder som har vorte tilrådd å bygge nye store sauefjøs fryktar å hamne i ei økonomisk hengemyr.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

30 år gamle Erlend Fossen frå Viksdalen i Gaular har eit brennande engasjement for landbruk og er i ferd med å byggje ny fjøs med plass til 200 vinterfôra sauer og 15 ammekyr.

Prislappen er på seks millionar kroner. Signalet frå den blå regjeringa har vore at bøndene må satse på nye store sauefjøsar, men Fossen lurer på om politikarane har visst kva dei har halde på med.

– I og med at det går mot stor overproduksjon av lammekjøt allereie neste år, kan ein lure på om dei ansvarlege for landbrukspolitikken har forstått kva dei har drive på med, seier Fossen.

Erlend Fossen

Erlend Fossen i Viksdalen i Gaular er i ferd med å bygge ein ny stor sauefjøs til seks millionar kroner. Han fryktar no for lønsemda etter at det har vorte overproduksjon på sauekjøt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ein kan lure på om dei ansvarlege for landbrukspolitikken har forstått kva dei har drive på med.

Erlend Fossen

Meir lukrativt å vere stor

For lite norsk lammekjøt på marknaden har i ei årrekkje vore ei hovudpine for det norske landbruket. Men landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) si omlegging av tilskotssystemet, slik at det er meir lønsamt å ha fleire sauer på kvar gard, gjer at produksjonen gått kraftig opp. Så mykje opp at det i løpet av kort tid har vorte overproduksjon.

Ikkje nådig i kritikken

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) er ikkje nådig i kritikken mot Listhaug sin landbrukspolitikk.

– Overproduksjon vil føre til at veldig mange av dei mindre sauebruka blir tvinga ut av næringa. I tillegg blir lønsemda dårleg også for dei store. Dette er ein dårleg landbrukspolitikk for heile landet, men ikkje minst for Sogn og Fjordane, seier Navarsete.

Liv Signe Navarsete

Det verkar som om landbruksministeren ikkje forstår konsekvensane av sin eigen politikk, seier stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

Foto: Jan Kåre Ness / NTB Scanpix

Sylvi Listhaug forstår ikkje konsekvensane av sin eigen politikk.

Liv Signe Navarsete

Ho meiner det ser ut som ikkje Listhaug forstår konsekvensane av sin eigen politikk.

– Listhaug forstår rett og slett ikkje kva ho driv på med, seier Navarsete, som gir landbruksministeren frå Frp karakteren 1 på ein skala frå 1 til 6, der 6 er beste karakter.

Slår tilbake mot Navarsete

Sylvi Listhaug har ikkje vore tilgjengeleg, men statssekretæren og partifellen henner, Hanne Blåfjelldal, har følgjande kommentar til kritikken frå Navarsete.

Senterpartiet leitar desperat etter noko å kritisere landbruksministeren for.

Hanne Blåfjelldal

– Navarsete treff for å seie det mildt ikkje med kritikken sin. Eg trur dette handlar mest om at Senterpartiet er desperate etter noko å kritisere oss for, seier ho.

– Men kvifor legg de opp til overproduksjon?

– Eg er veldig glad for at vi endeleg har fått marknadsdekning på lammekjøt. Det Senterpartiet ikkje klarte å få til på åtte år har vi fått til i løpet av to år. Overproduksjonen er ikkje dramatisk og det er ingen grunn til krisemaksimering, seier ho.

– Så dei som har satsa stort ny kostbare sauefjøs har ingenting å frykte?

– Eg reknar med at dei har satsa fordi dei har tru på dette. Marknadssvingingar kan vi sjølvsagt ikkje styre, men eg er glad for at vi er sjølvforsynte på lammekjøt, seier ho.

Hanne Blåfjelldal

Statssekretær Hanne Blåfjelldal (Frp) meiner Senterpartiet leitar desperat etter å finne noko å kritisere Sylvi Lisyhaug for.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

Dei som vurderer å starte eller utvide produksjonen av sau må tenkje seg godt om.

Jakob Simonhjell

Stor overproduksjon

Jakob Simonhjell, direktør for Totalmarked i Nortura, fortel at overskotet på sauekjøt ser ut til å bli på om lag 600 tonn neste år.

– I tillegg til dette overskotet, vil vi ha med oss eit reguleringslager på 1200 tonn frå 2015-sesongen. Produksjonen kan ikkje halde fram å auke meir enn det marknaden tek unna. Dei som no vurderer å starte eller utvide produksjonen av sau må difor tenkje seg godt om, seier Simonhjell. Han meiner tida er moden for å redusere den statleg støtta til bygging av nye store sauefjøs.

Salet av pinnekjøt går unna for fullt i butikkane i desse dagar. Men likevel er det grunn til uro i sauenæringa. Produksjonen er for stor, og bøndene blir rådde til å satsa på annan kjøtproduksjon.

SJÅ TV-SAKA: Salet av pinnekjøt går unna for fullt i butikkane i desse dagar. Men likevel er det grunn til uro i sauenæringa. Produksjonen er for stor, og bøndene blir rådde til å satsa på annan kjøtproduksjon.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote