Hopp til innhold

Navarsete seier unnskyld til Borch

- Eg kjem til å gje Sandra Borch ei unnskyldning utan atterhald på måndag. Det seier SP-leiar Liv Signe Navarsete. Samtidig meiner ho partiet må akseptere hennar leiarstil, eller ta konsekvensen av det.

Navarsete vil beklage overfor Borch

Navarsete vil beklage overfor Borch

Søndag kveld kommenterte leiaren i Senterpartiet for første gong konflikten med ungdomsleiaren i partiet, Sandra Borch. Navarsete vil no gjere det ho kan for få slutt på støyen i partiet, tysdag skal også saka opp i sentralstyret i Senterpartiet.

Navarsete som har vore heime i Lærdal denne helga, legg ikkje sjul på at det har vore tøffe dagar, og at langhelga med barnebarna ikkje vart heilt slik ho hadde tenkt.

- Eg er eit menneske med kjensler

Liv Signe Navarsete har dei siste dagane måtte tole mykje kritikk for sin leiarstil. Tidlegare partitopp Simen Bjørgen rettar i Nationen hard kritikk mot Navarsete, og seier han mista lysta til å jobbe for partiet grunna Navarsete sin leiarstil.

Per Olaf Lundteigen

SP-VETERAN: Per Olaf Lundteigen støttar Navarsete sin leiarstil

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Fleire andre partitoppar har bede partileiaren kome med ei ny beklaging etter at ho skal ha skjelt ut leiaren i Senterungdomen, under eit folkemøte i Troms.

Samtidig har Navarsete og fått støtte, blant andre frå leiaren for Senterkvinnene, Bjørg Bergheim og Sp-veteran Per Olaf Lundteigen.

– Alle som kjenner meg veit at eg er eit menneske med kjensler, det er det same engasjementet som gjer at Senterpartiet har fått gjennom saker. Engasjementet mitt kan av og til kjennest støytande for andre, men det har eg aldri hatt noko ynskje om, seier Navarsete.

-Er det litt forbode å ha slike sterke kjensler i politikken?

- Det kan synast som vi går i ei retning der alle skal vere A-fire, eg er ikkje det. Eg er lett å glede, men og lett å såre og eg blir lett engasjert for det eg brenne for. Det hende kanskje eg blir for engasjert og dei som ikkje kjenner meg kan oppfatte det som sinne.

– Eg vil ikkje bli eit kaldt ansikt

Liv Signe Navarsete har lenge hatt rykte på seg for å vere ei temperamentsfull dame, noko ho sjølv seier jo vil jobbe med. Men ho vil ikkje endre den ho er.

– Eg ynkjer ikkje å bli eit kaldt ansikt som har det same fjeset unasett kva som skjer, dersom det ikkjer er rom for det i politikken, må partiet ta konsekvensen av det.

Tysdag skal sentralstyret, der Sandra Borch også er medlem, diskutere saka. Men allereie i morgon møtest dei to ansikt til ansikt, og Navarsete håpar no dei kan legge konflikten bak seg.

– Eg synst det er synd at denne konflikten overskuggar det budsjettet vi har lagt fram, der vi har sett eit skikkeleg fotavtrykk både i samferdsle og kommunesektoren.

Men eg håpar det ikkje overskuggar den politikken vi står for og som eg og Sandra har jobba saman om, asvluttar Liv Signe Navarsete.