Hopp til innhold

Navarsete på topp

Alle lokallaga i Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil at Liv Signe Navarsete held fram som toppkandidat på Stortinget. Aleksander Øren Heen er peika på i 22 av 24 lokallag. Fylkesordførar Jenny Følling, fylkesleiar Sigurd Reksnes og nestor Steinar Ness er også populære namn. Nominasjonsnemnda skal kome med sitt forslag i oktober. Den endeleg stortingslista blir vedteken 25. november.

Liv Signe Navarsete
Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix