Hopp til innhold

Navarsete opnar strandsona

Kommunalminister Liv Signe Navarsete vil ha større fridom i strandsona - går mot eiga regjering.

Liv Signe Navarsete
Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

I forslaget til regjeringa om strandsonevern vert det

Jens Stoltenberg
Foto: Erlend Aas / Scanpix
Kristin Halvorsen (SV)
Foto: Erlend Aas / Scanpix

lagt opp til ei vidareføring av byggjeforbodet i 100-metersbelte, skriv bt.no .

Men Navarsete går imot regjeringsforslaget og vil endre heile forslaget.

- Vestlandet har jo stort sett berre strandsoner og fjell. Skal ikkje folk få bruke dette, er det ikkje mykje att, seier Navarsete til avisa.

I forslaget som regjeringa sendte ut i sommar legg dei fram ein plan der alle må følgje dei same strenge prinsippa som gjeld for området rundt Oslo-fjorden.

Med det går ministeren mot høyringsforslaget hennar eiga regjering har lagt fram, skriv Bergens Tidende.

Ministeren vil ikkje godta utkastet som regjeringspartia sendte ut.

- Utkastet må bli endra. Det er heilt klart. Vi må gjere det for å unngå konfliktsaker langs heile kysten, seier ho.