Hopp til innhold

Navarsete opnar Kvivsvegen

Kommunal og regionalminister Liv Signe Navarsete blir den som skal føreta den offisielle opninga av Kvivsvegen 22. september.

Liv Signe Navarsete

OPNAR VEGEN: Liv Signe Navarsete skal klippe snora til Kvivsvegen 22. september.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Kvivsvegen skal binde saman Nordfjord og Søre Sunnmøre og vil korte ned reisetida mellom dei to regionane.

Prosjektleiar Oddbjørn Pladsen seier til avisa Fjordingen at han er glad det er Navarsete som skal stå for opninga.

Han viser til at det var ho som stod bak vedtaket om å sleppe bompengefinansiering.

– Så det er veldig kjekt at nettopp Navarsete får æra av å stå for den offisielle opninga 22. september, seier Pladsen til avisa.