Navarsete opnar bru i indre

Sjølv om avgjerda om kvar brua skal krysse Nordfjorden let vente på seg, blir det likevel bruopning i Indre Nordfjord i helga.

Hengjebrua

SKAL OPNE DENNE: Debatten rasar om kvar E39 skal krysse Nordfjorden. Det er enno ikkje bestemt, laurdag kjem Liv Signe Navarsete til Nordfjord for å opne ei litt anna bru.

Foto: Jan Heggheim

Kommunalminister Liv Signe Navarsete skal laurdag stå for den offisielle opninga av hengebrua som har fått plass høgt oppe i fjellsida i Loen.

Richard Grov, som er administrerande direktør på Alexandra Hotell, og ein av initiativtakarane til den svært luftige hengebrua, legg ikkje skjul han og kommunalministeren er ueinige når det gjeld vegval for E39.

Liv Signe Navarsete

BRUOPNING: Liv Signe Navarsete skal stå for opning av Via Ferrata-brua i Loen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Likevel ville han ha nettopp henne til å stå for den offisielle opninga av den lengste Via Ferrata-brua i Europa.

– Vi gler oss til Navarsete kjem. Vi er stolte av at den fremste politikaren frå Sogn og Fjordane kjem for å opne hengebrua. Vi har ein veldig sporty minister, som skal få ei stor oppleving, seier Grov.

Utsikt, oppleving og nervar

Namnet Via Ferrata kjem eigentleg frå Italia. Under første verdskrig bygde dei ein type jernveg over dei store toppane ein måtte over. Med steg inn i fjellet klarte ein å ta seg over fjella, utan å gjere seg skade opp dei stupbratte fjellsidene.

Hausten 2011 vart det laga til noko liknande i fjellsida i Loen. 850 meter med stålwire er festa langs fjellryggen, slik at folk trygt kan ta seg opp langs berg og steinknausar.

I sommar har den flotte stien fått nok eit høgdepunkt, nemleg den vel 120 meter lange Via Ferrata-brua. Og den er slett ikkje for pyser. Sjølv om ein blir påskjønna med ei fantastisk panoramautsikt ute på brua, er utsikta rett ned skumlare.

Ei hengebru høgt oppe i fjellsida over Loen i Stryn har blitt ein spektakulær turistattraksjon. Her kan du få sjå kvifor!

TORER DU? Mange kan no få kjenne på at blodet brusar når dei tek seg opp til Via Ferrata-brua i Loen. Bli med over her! FOTO: Steffen Johannesen/REDIGERING: Kjartan Lægreid.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Så vidt han torde seg over

Grov seier det er stort å sjå brua ferdig.

– Det er folk som jublar, dei må verkeleg utfordre seg sjølv, og så kjem dei over og bryt ut i gledesrus. Det er fantastisk kjekt å sjå.

Grov måtte sjølv gå i seg sjølv for å kome seg over det 120 meter lange bruspennet.

– Eg hadde ein austerrikar som gjekk baklengs framom meg og fekk meg over. Det er 160 meter ned i gjølet midt ute på brua. Men dette gjølet skrår bratt nedover, så høgdekjensla er brutal.

Ei hengebru 700 meter oppe i fjellsida i Loen er blitt ein spektakulær turistattraksjon. Tre veninner frå Bærum var blant dei første til å prøvegå brua. Men då fekk dei også testa seg sjølve.

FEKK PRØVE SEG OVER: Sjå TV-saka der tre venninner frå Bærum tek seg over den spektakulære brua.