Hopp til innhold

Navarsete om E39-sprekk: Trur ikkje på Miljøpartiet si byløysing

Liv Signe Navarsete (Sp) vedgår at E39-sprekken på over 100 milliardar kan gjere at bruer må vente. Men ho er ikkje nøgd med Miljøpartiet Dei Grøne si løysing.

Liv Signe Navarsete

NEKTAR Å GJE OPP: Ferjefri E39 er for viktig til å gje opp, men det kan vere vegane må prioriterast før bruer, vedgår Liv Signe Navarsete (Ap).

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Viss Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) får det som dei vil, blir det ikkje bygd noko utanfor byane. Slik kan vi ikkje ha det, seier stortingsrepresentant Navarsete.

Ferjefri E39 på Vestlandet, med sju enorme bruer, skulle koste 150 milliardar og vere klar på 20 år. I går fortalde NRK at nye tal frå vegvesenet syner ein prislapp på 268 milliardar. Høgare vegstandard mellom bruene, moms, usikre brukalkylar og prisvekst på anleggsarbeid får milliardane til å rulle.

Stortingsrepresentant for MDG, Rasmus Hansson, meiner prosjektet er eit eksempel på utdatert samferdslepolitikk, og at dei store pengane til E39 kjem til å øydelegge for tog, buss og bane kring dei store byane.

– Å setje E39 opp mot bysatsing er veldig dumt. Ingen er ueinige i at ein må bygge kollektiv i byane. Men vi må få ein moderne og framtidsretta E39 så raskt som mogleg, meiner Navarsete.

Ferjefri E39

STORE VISJONAR: Slik ser ein av illustrasjonane av fjordkryssingar på ein framtidig ferjefri E39 ut.

Foto: Statens vegvesen (illustrasjon)

– Vil få konsekvensar

For to år sidan lanserte Navarsete og Trond Giske (Ap) planane om ferjefri E39 mellom Stavanger og Trondheim, då dei sat saman i den raudgrøne regjeringa. Nær samtlege parti, med unnatak av SV og Miljøpartiet Dei Grøne, har støtta prosjektet.

Navarsete stiller spørsmålsteikn ved kostnadsauken, men innser at 118 milliardar i prisauke vil få konsekvensar.

– Anten må ein auke løyvingane i Nasjonal transportplan, eller så må ein prioritere hardare på vegane først og fjordkryssingane og bruer seinare, seier Navarsete

– Bør ikkje skrinlegge prosjektet

Også SV gjekk i går ut og bad om at planen om ferjefri E39 blir lagt vekk.

– Prislappen viser det vi har sagt heile tida. Dette er eit monsterprosjekt. Vi i SV tenker no at alle burde bruke vit, og at prosjektet bør skrinleggast, sa nestleiar Oddny Miljeteig.

Men den tidlegare leiaren i Senterpartiet nektar å gje opp draumen om ferjefri E39.

– Eg meiner absolutt ikkje at ein bør skrinlegge prosjektet. Men det lastebilnæringa tek til orde for kan vere smart: Å satse på vegane først, og satse på teknologiutvikling og smarte løysingar for å få ned kostnadane på bruløysingane, seier Navarsete.