Hopp til innhold

Navarsete meiner Sanner juksar

Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet meiner Jan Tore Sanner juksar når han lovar å flytte ut 630 arbeidsplassar frå Oslo.

Liv Signe

KRITISK: Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet er kritisk til utflyttingsplanen som vart lagt fram i dag.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Dette verkar meir som valkampspel enn faktisk handling ifrå regjeringa. Dei tel jo med både rubbel og bit når dei kjem fram til talet 630, seier Navarsete.

Kommunalminister Jan Tore Sanner la i dag fram ein plan for å flytte 630 statlege arbeidsplassar ut av Oslo, og etablere dei i distrikta. Planen vart presentert som ei stor distriktssatsing frå regjeringa.

Navarsete hevdar mellom anna at Sanner tek æra for arbeidsplassar som den raudgrøne regjeringa vedtok å flytte ut då ho sjølv var kommunalminister.

– Eg ser at Sanner har med helsearkivet til Tynset i si oversikt, men det var det jo vi som vedtok å flytte ut av Oslo. Han tek også med fleire andre utflyttingar som har vore kjend i lang tid, og han tek med mange nyetableringar som ikkje er utflytting i det heile.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner under pressekonferansen om regjeringens plan for lokalisering av statlige arbeidsplasser.

VIKTIG FOR DISTRIKTA: Jan Tore Saner sa på pressekonferansen i dag at utflyttingsplanen hans er ei satsing på å byggje opp kompetansemiljø utanfor dei største byane.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Jublar for kvar arbeidsplass

Den tidlegare senterpartipartileiaren og kommunalministeren seier at ho er glad for at regjeringa er oppteken av statleg utflytting, men at ho likevel er skeptisk til Sanner sin utflyttingsplan.

– Eg jublar for kvar einaste arbeidsplass som vert flytta ut, men då må ein vere ærlege om kva som faktisk blir gjort. Ein må seie det som er sant, seier Navarsete.

Jan Tore Sanner ikkje imponert over kritikken frå Navarsete

– Dette er ein pinleg kritikk frå Senterpartiet. Vi har fått til mykje meir enn det dei fekk til i sine åtte år i regjering, det er det faktisk ingen tvil om, seier Sanner.

Han gir Navarsete rett i at utflyttingsplanen hans også inneber ein del nyetableringar, men meiner det er like bra som utflyttingar.

– Det viktige er at vi flyttar arbeidsplassar ut av Oslo og styrkar kompetansemiljøa i distrikta.

Jan Tore Sanner på pressemøte

KALLA INN PRESSA: Jan Tore Sanner kalla inn pressa i dag for å leggje fram utflyttingsplanen sin.

Foto: Else Karine Archer / NRK

Skeptisk til utgreiingar

Dei fleste utflyttingane som kommunalministeren la fram i dag er ikkje ferdig vedteke, men skal først greiast ut nærare før dei vert realiserte. Det skjønar ikkje Navarsete noko av.

– Kvifor skal ein begynne å greie dette ut no og starte prosessar? Ein har hatt tre år på å vedta det og få det gjort, seier Navarsete.

Sjølv hevdar ho å ha flytta ut over 400 arbeidsplassar då ho var kommunalminister.

– Det var eit haraball kvar einaste gong vi prøvde å flytte arbeidsplassar ut av Oslo, og det einaste som funkar er å stå på og kjempe.

Sanner meiner Navarsete bommar.

– Liv Signe Navarsete har vore kommunalminister sjølv, og veit like godt som meg at det finst ein del reglar ein må følge i staten.