NRK Meny
Normal

Navarsete meiner regjeringa favoriserer Austlandet

Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet meiner regjeringa sin tolvårsplan for samferdsle er dårleg nytt for Vestlandet, fordi dei satsar for mykje på tog.

Voksen kvinne med lyst hår og briller

KRITISK: Liv Signe Navarsete meiner regjeringa og samarbeidspartia brukar for mykje pengar på jenbane på austlandet, i forhold til veg på Vestlandet.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Mange av prosjekta på austlandet er viktige, men nokre av dei går utover prosjekt på Vestlandet som no er heilt ute av planen, seier Navarsete.

Den tidlegare samferdsleministeren frå Senterpartiet seier at grunnen til at Vestlandet no kjem dårlegare ut, er at regjeringa satsar meir på jernbane enn det dei raudgrøne gjorde.

– Det er ein høgare del av investeringane som no går til jernbane, og det fører til at andre ting blir prioritert ned. Vi har jo ikkje like mykje jernbane alle plassar i distrikta som på Austlandet.

Sjå ein oversikt over nasjonal transportplan 2018-2029

Navarsete påstår at nær halvparten av investeringskronene i nasjonal transportplan no går til jernbane, sjølv om berre nokre få prosent av trafikken går på bane.

– Jernbane er viktig, men når ein velgjer å bruke meir pengar på jernbane, blir det mindre pengar å bruke på vegprosjekt og andre store prosjekt på Vestlandet, seier Navarsete.

Les også: 14,7 milliardar til Fornebubanen og ny sentrumstunnel

Et tog på Vestfoldbanen.

FÅR FOR MYKJE: Liv Signe Navarsete meiner jernbane får for mykje av pengane i NTP

Foto: Philip Hofgaard / NRK

– Ho veit ikkje kva ho snakkar om

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen seier at Navarsete bommar fullstendig med kritikken sin.

– Det er heilt tydeleg at Navarsete ikkje har gått inn i tala her. Vestlandet kjem betre ut av vår NTP, enn dei gjorde under dei raudgrøne, så her veit ho ikkje kva ho snakkar om.

Ketil Solvik-Olsen legger fram Nasjonal transportplan.

USAMD MED NAVARSETE: Ketil Solvik-Olsen er ikkje samd med Liv Signe Navarsete i at han brukar for ltie pengar på Vestlandet.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Meiner Vestlandet får meir no

Solvik-Olsen viser til at Vestlandet under Stoltenberg-regjeringa fekk 20 prosent av kaka i NTP, medan han hevdar prosenten no er 24.

– Under den raudgrøne regjeringa fekk austlendingar 16000 kroner meir per hovud enn vestlendingar. No er dei tala nede i 8000 kroner meir per hovud, så vi har jo heilt tydeleg gitt meir til Vestlandet.

Kritikken om at regjeringa satsar for mykje på tog, tek ikkje samferdsleministeren så tungt.

– Partileiar Trygve Slagsvold Vedum kritiserer jo meg for at vi brukar for lite på tog, så då er det lite rart at Navarsete meiner eg brukar for lite. Det er riktig at vi brukar litt meir på bane enn det den førre regjeringa gjorde, men det er fordi det er viktig, seier Solvik-Olsen.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast