Hopp til innhold

– Vedtaket må stoppast

Leiaren i Senterpartiet krev at Helse Førde-vedtaket blir overprøvd.

Liv Signe Navarsete

KLAR I TALEN: Liv Signe Navarsete (Sp) krev kan ikkje leve med dei vedtekne kuttforslaga til Helse Førde.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Leiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, meiner vedtaket om nedlegging ved sjukehusa i Nordfjord og Lærdal er eit brot på Soria Moria-erklæringa.

Helse Førde vedtok fredag å leggje ned føde- og ortopeditilbodet i Lærdal og i Nordfjord .

Skal snakke med helseministeren

No forventar ho at Helse Vest stoppar nedleggingane ved dei to lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane.

Navarsete meiner vedtaket utan tvil bryt med det som står i regjeringserklæringa - og det kan ikkje Senterpartiet leve med.

(Artikkelen held fram under biletet)

Styremøte i Helse Førde

LA NED: Sist fredag bestemte styret i Helse Førde å legge ned føde- og ortopeditilbod ved dei to lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane. Styret måtte gjere grep for å klare å hente inn igjen eit gigantisk underskot på fleire hundre millionar kroner.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi kan ikkje leve med ei utvikling der viktige tilbod blir teke bort frå der folk bur. Det kan heller ikkje regjeringa leve med. Difor er dette ei sak som regjeringa må handtere ilag, seier Navarsete.

– Kva må helseministeren Anne-Grete Strøm-Erichsen gjere i denne saka?

– Det skal eg snakke med helseministeren om, svarar ho.

Fotfolket vil ut av regjering

Frå fotfolket i Senterpartiet kjem det krav om at partiet må bryte ut av regjering dersom helseministeren ikkje stoppar vedtaket.

Navarsete fortel at desse signala er eit bevis på kor viktig denne saka er lokalt.

– Men dersom du ikkje får helseministeren med på å stoppe vedtaket, kjem Senterpartiet til å bryte ut av regjeringa?

– Vi har fram til no stått på og skapt gode resultat i regjering. Ikkje minst for distriktsfylker som Sogn og Fjordane. Det skal vi også gjere i denne saka, og eg har aldri som utgangspunkt å tape saker, seier Navarsete.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.