Hopp til innhold

Navarsete held fram som Sp-leiar

Eit samrøystes landsting gav Liv Signe Navarsete fornya tillit som partileiar i Senterpartiet.

Liv Signe Navarsete og Odd Arne Rønes
Foto: Trond Vestre / NRK

Senterpartiet sitt landsmøtet finn stad i Ålesund denne helga. Det var ingen motkandidatar til leiarvervet og Navarsete fekk samtlege 194 røyster.

- Det var utruleg kjekt å ha eit samstemt parti bak seg, strålar Navarsete.

- Det svingar

Siste meiningsmåling, fredag 27. mars, viste ein oppslutnad på 5,0 prosent for senterpartiet. Det er ein oppgang på 0,7 i høve februartala, men likevel eit godt stykke bak oppslutnaden som gav partiet 11 mandat på stortinget. Ved stortingsvalet i 2005, fekk Navarsete & co 6,5 prosent av stemmene.

- Meiningsmålingane går opp og ned, men vi har ein jobb å gjere, seier Navarsete.

Vil ha meir enn 6,5 prosent

Målet ved neste stortingsval er å auke oppslutnaden frå 2005. Noko meir konkrete mål ynskjer ikkje partileiaren å sette seg. Ikkje no iallefall.

- Målet er å kome sterkare ut enn sist. Eit talmål får vi eventuelt sjå på når det nærmar seg, seier Navarsete og ramsar opp satsingsområda ved kommande val: Grønt næringsliv, samferdsle, skule og omsorg.

Fekk ros for NTP

NTP som Navarsete nyleg la fram, skapte vanskar for politiske motstandarar som var ute med peikefingeren. Partileiaren i Senterpartiet, som også er samferdsleminister, hausta mange lovord for vegsatsinga for dei neste ti åra.

- Vi har gjort mykje på samferdsle. Vi har vist at vi leverer, men no er det viktig å gjennomføre det vi har sagt at vi skal gjennomføre, og så må vi auke takta framover, seier ho.

Debatterte skule

Partiet ynskjer å gjere Noreg til ei stormakt inann fornybarenergi, slik som nasjonen er innan olje og gass, med mellom anna satsing på biokraft og småkraft. Innan helse og omsorg ynskjer partiet meir satsing på førebyggande arbeid.

Eit tema som laurdag vakte stor merksemd under tinget, var skule. Partiet ynskjer ikkje heildagsskule, men ser føre seg endringar.

Nei til heildagsskule

- Skule og kunnskap er avgjerande for å lukkast i næringslivet. Vi ynskjer å styrke den eksisterande skulen, framfor å utvide til heildagsskulen: Mindre grupper, fleire lærarar og styrka SFO, seier ho og meiner at sjølv om det blir eit kostbart løft, så vil ikkje det bli like dyrt som ein heildagsskule.

- Vi går til val for at kommunane skal få betre økonomi, seier ho.

Meir politikk i helseføretaka

Under tinget er det lufta 500 endringsframlegg. Søndag ventar partileiaren seg heit debatt om heildagsskulen, verneplikt for kvinner og eigarforhold av sjukehus. Helse Førde har den siste tida stått i fokus i samband med budsjettmøtet som var fredag.

- Eg trur det er på tide at vi får ei sterkare politisk styring av helseføretaka. Det er for mykje byråkrati i ein sektor som krev stadig meir pengar, avsluttar ho.

Ny nestleiar

Trygve Magnus Slagsvold Vedum vart vald til ny nestleiar i Senterpartiet. Han fekk 189 av 197 røyster. Vedum kjem frå Stange i Hedmark der han driv gard. Han er utdanna agronom og har site på stortinget sidan 2005. Vedum er helsepolitisk talsmann for Senterpartiet.

Lars Peder Brekk held fram som 1. nestleiar.