NRK Meny
Normal

Navarsete har ikkje trua på at fylkessamanslåinga blir noko av

No har fylkestinga i både Hordaland og Sogn og Fjordane vedteke å leggje ned sine eigne fylke, men Liv Signe Navarsete trur ikkje dei får vilja si.

Liv Signe Navarsete

HAR IKKJE TRUA: Liv Signe Navarsete har ikkje trua på at det blir noko av eit nytt vestlandsfylke.

Foto: Jan Kåre Ness, Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

– Eg trur faktisk dette kjem til å havarere i Stortinget, fordi heile regionreforma til regjeringa ser ut til å gå i vasken, seier Navarsete, som sit på Stortinget for Senterpartiet.

Etter at Sogn og Fjordane tidleg denne veka sa ja til ei fylkessamanslåing, gjorde Hordaland det same på fredag. Begge fylka stilte likevel nokre krav som dei vil ha innfridde før dei slår seg saman.

Det eine kravet er at det nye fylket får tildelt fleire oppgåver enn det dagens fylkeskommunar har. Det andre vilkåret er at Stortinget held ord om lovnaden sin om at dagens fylke skal verte erstatta med om lag ti regionar.

– Om desse vilkåra ikkje ligg der, så blir det ikkje noko samanslåing, har fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling sagt.

Les også: No er det opp til Stortinget

Jenny Følling

KRAV: Fylkesordførar Jenny følling seier at krava som fylkestinga har stilt, er absolutte.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Trur ikkje på ti regionar

Det er punktet om ti regionar Navarsete trur kjem til å felle samanslåinga.

– Det er ingenting som tyder på at fylka frivillig slår seg saman til om lag ti regionar, og eg har ikkje trua på Stortinget kjem til å bruke tvang i denne saka rett før eit val, seier Navarsete.

Med det trur ho fylkespolitikarane må gå tilbake på vedtaka sine.

– Dei har stilt nokre krav som er fornuftige, men eg trur ikkje dei kjem til å bli innfridde. Eg trur faktisk ikkje det blir noko samanslåing.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane

LA SEG SJØLV NED: Sogn opg Fjordane fylkesting vedtok å leggje ned sitt eige fylke, men Liv Signe Navarsete trur ikkje dei får vilja si.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Senterpartiet sikra fleirtal

Både Liv Signe Navarsete og senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum er sterke kritikarar av heile regionreforma. På fredag var det likevel representantane frå Senterpartiet som gav fleirtal for ei samanslåing. Det var nemleg jamt under røystinga. 31 røysta for samanslåing, 26 røysta mot. Senterpartiet sine fire representantar vart tunga på vektskåla.

– Det tykkjer eg ikkje noko om, og det er ikkje i tråd med politikken til Senterpartiet eller det leiinga vår har fronta nasjonalt, seier Navarsete.

Gruppeleiar for Senterpartiet i Hordaland fylkestinget Benthe Bondhus avfeiar kritikken frå Navarsete.

– Det står faktisk i programmet til Hordaland Senterparti at vi er for ein sterk vestlandsregion, og at vi vil jobbe for det. Eg trur ei samanslåing av dei to fylke vil styrke distriktsprofilen til fylket. Det vil bli eit distriktsfylke, seier ho.

Men Bondhus understrekar at krava som fylkestinga har stilt om nye oppgåver og færre regionar, det er eit absolutt krav.

– Om vi ikkje får på plass fleire oppgåver enn det vi har i dag, så vil Hordaland og Sogn og Fjordane halde fram med å eksistere kvar for seg.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen