NRK Meny
Normal

Navarsete fryktar for folkestyret om regjeringa inngår ny avtale

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete fryktar for folkestyret si framtid om regjeringa no opnar for at multinasjonale selskap skal kunne saksøkje staten Norge.

Liv Signe Navarsete

REAGERER KRAFTIG: Liv Signe Navarsete (Sp) går hardt i rette med regjeringa om dei nye, internasjonale avtalane dei vil inngå.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Regjeringa vil auke bruken av det som blir kalla bilaterale investeringsavtalar. I praksis vil det seie at store selskap vil kunne dra Norge for retten, dersom dei er misnøgde med vedtak som blir gjort.

Dette har mellom anna skjedd då tobakksgiganten Philip Morris saksøkte regjeringa i Australia fordi dei ville forby logoar på sigarettpakkar. Det same har til dømes skjedd i Uruguay i Sør-Amerika.

Kort høyringsfrist

Liv Signe Navarsete, tidlegare leiar i Senterpartiet, er rysta over at regjeringa no vil opne for desse omstridde avtalane, skriv Aftenposten i dag.

– Ved å inngå slike avtalar flyttar ein mykje makt frå folkestyret og frå det norske rettsvesenet over til utanlandske juristar. Difor meiner eg at denne saka fortener ein skikkeleg diskusjon før ein gjer vedtak, seier Navarsete.

Høyringsfristen for forslaget frå regjeringa er sett til 14. august, og Navarsete meiner at det er alt for kort tid til å kome med reaksjonar og endringsforslag.

Får støtte frå SV

Navarsete får støtte frå Karin Andersen frå SV, som meiner at regjeringa no innrømmer den «stygge sanninga» om desse internasjonale avtalane.

– Desse selskapa ser på folkestyret og helse, miljø og sikkerheit som eit einaste stort handelshinder som står i vegen for eigarane sitt utbytte, seier ho til NTB.

Næringsminister Monica Mæland, meiner at verken Navarsete eller Andersen har grunn til å reagere.

– Eg blir veldig forbausa når Navarsete mistenkeleggjer motiva våre. Vi har i alle moglege samanhengar sett dette på dagsorden og har gjort greie for hensiktene våre, seier Mæland til Aftenposten.