NRK Meny
Normal

NAV vil at fleire lærer norsk i arbeid

NAV ønskjer seg fleire som Samer Mostafa Al-Qowatli. Møbelsnikkaren frå Syria lærer seg norsk på skulen og i arbeidslivet, samtidig.

Samer Mostafa Al-Qowatli

ERFAREN: Samer Mostafa Al-Qowatli frå Syria er bustett på Nordfjordeid med kone og to barn.

Foto: Silje Guddal / NRK

I år skal kommunane busette rekordmange flyktningar. Over 15.000 skal lære seg norsk og kome seg i arbeid, dobbelt så mange som i 2014.

No ønskjer NAV at bedrifter skal ta eit større ansvar for at flyktningar skal lære seg språket.

– Vi må vurdere grundig om klasseromsundervisning er den rette måten å drive opplæring på, seier assisterande fylkesdirektør Knut Steinar Eithungjerde i NAV Sogn og Fjordane.

Tidleg ut i arbeid

Hos møbelverksemda Feel Free Production i Holmøyane vert del til ein garasjeport finpussa med slipemaskina, under kyndig styring av Samer Mostafa Al-Qowatli frå Damaskus.

Han arbeidspraksis to dagar i veka, dei tre andre dagane går han på norskkurs. Det har vore ein suksess for han.

– På skulen er det det same kvar dag, men på arbeid får eg snakka om forskjellige ting, seier Al-Qowatli.

Dagleg leiar David Sigurdsson har ikkje angra på at bedrifta tok inn møbelsnikkaren.

Samer Mostafa Al-Qowatli og David Sigurdsson

KAN FÅ FAST JOBB: Arbeidspraksisen til Samer Mostafa Al-Qowatli kan ende opp i fast jobb, om David Sigurdsson i Feel Free Production får det som han vil.

Foto: Sogn og Fjordane / NRK

– Samer har vist at han er unik på mange måtar. Eg synest han har hatt ein utruleg framgang med språket, seier Sigurdsson.

Vil krevje mykje av bedriftene

NAV meiner norskopplæring til flyktningar i klasserom gjev svært variable resultat.

– Vi ser altfor ofte at når flyktningar er ferdig med norskopplæringa går dei til NAV-kontoret for å søkje jobb, men då kjem dei med tolk, seier Eithungjerde.

Knut Steinar Eithungjerde

KREV MEIR AV BEDRIFTENE: NAV, ved assisterande fylkesdirektør Knut Steinar Eithungjerde vil flytte delar av norskopplæringa ut av klasserommet.

44 prosent av flyktningane som avslutta norskopplæringa i 2014 gjekk ut i arbeid eller høgare utdanning på landsbasis. I Sogn og Fjordane er talet 33 prosent, ifølgje Nasjonalt introduksjonsregister.

For å flytte delar av norskopplæringa ut i arbeidslivet, vil det krevje sitt av norske bedrifter, vedgår NAV.

– Vi er heilt avhengige av eit næringsliv og arbeidsliv som ønskjer å bidra.

– Mange ressurspersonar blant flyktningane

I heimbyen hadde møbelsnikkaren Al-Qowatli eigen butikk og verkstad.

– Eg hadde 103 tilsette hos meg, og butikken og verkstaden var på 1400 kvadratmeter, seier han.

Sigurdsson meiner bedrifter bør vere opne for å ta inn flyktningar, også utan gode norskkunnskapar, dersom NAV finn den rette personen til bedrifta.

– Det er ressurspersonar som kjem, dei er akkurat slik som oss. Vi er kjempegodt fornøgde med Samer.

Vil gje betre støtte og informasjon

NAV vil no støtte bedriftene betre, mellom anna med å halde kontakt og informere bedriftene om kva som krevst av dei.

– Vi kan gje ulike typar tilskot slik at bedriftene kan frigjere ressursar, moglegheitene er fleire, seier Eithungjerde.

Familien på fire frå Syria kom til Norge for to år sidan. Om Feel Free Production får fleire oppdrag, får Al-Qowatli tilbod om fast jobb.

– Han har vi lyst å behalde, seier Sigurdsson.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå