NRK Meny
Normal

NAV vedgår rot med dagpengar i fiskeindustrien

Fiskeindustrien har vore i harnisk etter at fleire permitterte tilsette langs heile kysten, plutseleg har stått utan inntekt dei tidlegare har hatt.

Pelagia Måløy

KAN FÅ BETALING LIKEVEL: Tilsette i fiskeindustrien, som dei ved Pelagia i Måløy, kan no få utbetalt dagpengane som NAV førebels ikkje har ville gi dei.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

No lovar NAV å sjå på sakene på nytt.

– Eg vil beklage at desse brukarane har hamna i ein vanskeleg situasjon. Det er fordi vi ikkje har informert godt nok om ei praksisendring, seier seksjonssjef i NAV, Magne Fladby.

Stod brått utan inntekt

NRK fortalde onsdag om at fiskeriarbeidarar som var permitterte ikkje lenger fekk utbetalt dagpengar av NAV.

Det førte til enorm frustrasjon i næringa, som på grunn av svingande sesongar, av og til må stengje ned drifta heilt. Då har tilsette fått dagpengar fram til meir fisk kjem inn, og dette har sikra dei ei stabil arbeidskraft.

Tilsette ved Pelagia i Måløy

UTAN INNTEKT: Anita Tvendeseter, Sonja Svarstad, Karin Fjære og Daniel Henriksson var blant dei som mista dagpengane frå NAV.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

NAV vedgår no at ulike NAV-kontor har fått ulik informasjon. Dermed har nokon mista dagpengane, medan andre har fått behalde dei.

– Vi ser at det nok har svikta på informasjonen internt i NAV. Det skal ikkje vere slik, og vi beklagar den informasjonen dei har fått som ikkje har vore riktig. Det skal ikkje vere slik at vi må ha det frå NRK før vi ordnar opp i det, seier Fladby i NAV.

Ved mellom anna fiskeforedlingsbedrifta Pelagia AS i Måløy stod fleire tilsette utan inntekt. Dei skildra situasjonen som håplaus, og sa at det var eit lotteri kvar gong dei kontakta NAV, fordi dei fekk ulike beskjedar frå ulike sakshandsamarar.

Kan bli utbetalingar

Men no kan dei tilsette få pengane utbetalt.

Magne Fladby

BEKLAGAR: Seksjonssjef i NAV, Magne Fladby.

Foto: Hanna Seferowicz / NRK

– Vi vil gå inn i desse sakene og sjå på dei individuelt. Og då får vi sjå kva grunnlag det er for å vurdere avslaget på nytt, seier Fladby.

Det er godt nytt for Daniel Henriksson, som er hovudtillitsvald for dei tilsette ved Pelagia i Måløy.

– Det er veldig kjekt at dei ser på sakene igjen og rettar det opp igjen. Så då reknar vi med at vi får utbetalt pengane. Og så får vi håpe at NAV no kan klare å svare på spørsmål og gi oss den informasjon vi treng i framtida, slik at vi veit kva reglar som gjeld.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.