Hopp til innhold

NAV sender kriseteam til Høyanger

Eit kriseteam frå NAV kjem til Høyanger, etter at det i går vart klart at ordinær drift ved felgfabrikken Fundo Wheels stoppar opp torsdag.

Mellom 400 og 500 personar vil direkte eller indirekte misse jobben som følgje av konkursen.

- Eit eige team frå NAV i fylket kjem til Høyanger for å hjelpe til i arbeidet. Vi skal ha informasjonsmøte på bedrifta der dei tilsette får registrere seg som arbeidssøkjarar, seier fungerande NAV-leiar i Høyanger, Ann-Kristin Nygård, til Bergens Tidende.

Nygård meiner at tilsette med fagkompetanse vil ha gode sjansar til å finne ny jobb, men at mange nok må rekne med å pendle.