NRK Meny
Normal

NAV-prosjekt mot fråfall i vidaregåande skule

FØRDE (NRK): Nær éin av tre ungdom i Noreg fullfører ikkje vidaregåande opplæring til ordinær tid. NAV byrja nyleg eit prosjekt for å stogge dette.

Mike Remi Sunnarvik

I ARBEID: Mike Remi Sunnarvik er glad for å få arbeide, sjølv om han sleit med å komme gjennom skulen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Det har vore mykje styr i oppveksten min. Eg trur det er grunnen til at eg har fått så god hjelp, seier Mike Remi Sunnarvik.

Han er ein av mange som sleit med å komme seg gjennom skulen. Med hjelp frå det nye prosjektet, har han no lærlingkontrakt.

– Det er å jobbe eg likar. Eg er nøgd med å få lov til å gjere det no.

Samarbeid mellom etatar

NAV starta nyleg eit treårig prøveprosjekt i samarbeid med fleire vidaregåande skular i heile landet. Det inneber eit samarbeid mellom etatane.

Lill Anette Juvik er rådgjevar ved NAV Førde, og har kontor på Mo og Øyrane vidaregåande skule fire dagar i veka. Her jobbar ho skulder mot skulder med fylkeskommunen sin eigen rådgjevar, og andre ved skulen.

– Fråfall frå skulen er utruleg samansett, og då må fleire etatar arbeide saman, seier Juvik.

Lill Anette Juvik

TETT SAMARBEID: Juvik samarbeider tett med skulen for å gje elevar eit godt tilbod.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Juvik fortel at ho besøkjer klassar i byrjinga av skuleåret, men at mange har samansette problem, og treng personleg oppfølging.

– Dei kan ha mange ulike problem som fører til fråfall, alt frå økonomiske til sosiale eller problem med bustad, seier Juvik.

Kontaktlærarar og andre ved skulen syner ofte slike elevar til kontoret til Juvik, eller dei kjem på eige initiativ.

– Eg set dei i kontakt med moglege arbeidsgjevarar, går god for kompetansebevis eller hjelper dei å søkje om bistand, alt etter kva dei treng, forklarar NAV-rådgjevaren.

Eit landsdekkjande problem

Talet elevar som ikkje fullfører vidaregåande innan fem år varierer mykje frå fylke til fylke.

I snitt droppar 28 % av ungdom ut av den vidaregåande skulen før dei har fullført utdanninga si.

– Fråfall frå skule er alvorleg for ungdommen det gjeld, seier Juvik. Me veit at dei slit med å få seg arbeid, og har oftare psykiske problem, legg ho til.

Laster kart, vennligst vent...

VARIERANDE PROBLEM: Sogn og Fjordane ligg godt an, med 23 % fråfall, medan landssnittet er på 28 %.

Usikkert om det verkar
Angelika Schafft

POSITIV: Forskar Angelika Schafft meiner NAV og skulen har utveksla mykje kunnskap gjennom prosjektet.

Foto: BENJAMIN A. WARD

Arbeidsforskingsinstituttet har laga ei undervegsevaluering av prosjektet til NAV. Over nokre månadar kartla dei ti skular som fekk NAV-rådgjevarar.

– Skulen har fått kompetanse om NAV, og NAV har fått kompetanse om skulen, seier Angelika Schafft, leiar av undervegsevalueringa.

– Det er viktig at NAV veit kva skulen kan gjere, og kva dei kan tilby elevane i samarbeid, legg ho til.

Men rapporten hadde ikkje berre gode resultat. Schafft understrekar at forskarane hadde for lite tid og talmateriale til å lage ein god statistikk. Likevel seier konklusjonen i rapporten at «(...) data viser at det er en antydning til redusert antall sluttere, men at denne sammenhengen ikke var statistisk signifikant.»

Undervegsevaluering av NAV-prosjektet

USIKKERT: Tala frå denne evalueringa var ikkje fullstendige, men tyder på lite verknad for elevane. Kjelde: SSB

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / Illustrasjon

Prosjektet varar i tre år, og det vurderast om dette vert permanent.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast